Møte i Kvam formannskap 15. mai

Møtet finn stad kl 9 - 16 på Kvam rådhus. Lenke til saksliste og Kommune - TV finn du her!

Skjermbilde frå kommune-TV Møte i Kvam formannskap 7.03.24 - Klikk for stort bilete

 

På sakslista finn du mellom anna saker som:

  • Kvam herad - Årsmelding og årsrekneskap 2023
  • Prioritering av lokale kulturbygg - 2024
  • Ei lang liste søknadar til Kraftfondet. 
    Frå Anders Sæleset - søknad om støtte til ny driftsbygning for mjølkeproduksjon til Litteraturbåten Epos - søknad om støtte til oppstart av turistrute, Dead Target - søknad om støtte til musikkinnspeling med meir
  • Evaluering av miljørettleiarstillingane i Kvammaskulen
  • Kvam herad - høyringsuttale til tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune
  • Samlivskurs i regi av Kvam herad
     

Komplett saksliste med tilhøyrande dokument finn du på denne lenka.

Du er velkomen til å følga møtet på Kvam herad sitt kommune-TV som du finn om du klikker her. Der vil det også verta gjort tilgjengeleg opptak - i etterkant av møtet.