Forvaltningsrevisjon av barneverntenesta er heradsstyret sitt høgast prioriterte prosjekt i plan for forvaltningsrevisjon som blei vedteke i mai 2024.
Heradet sin revisor, Deloitte, kjem til kontrollutvalet med eit forslag til prosjekt som skal sjå på i kva grad Kvam herad har etablert tilfredsstillande system og rutinar for mottak og handsaming av bekymringsmeldingar, igangsetting og gjennomføring av undersøkingar, iverksetting og oppfølging av hjelpetiltak, og for førebyggande arbeid. Kontrollutvalet vil òg få lagt fram forslag til å undersøke om det er etablert system og rutinar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging og tilsyn av barn i fosterheimar.
Heradet er lovpålagd å utarbeide planar for kvar valperiode som viser kva område det skal gjennomførast forvaltningsrevisjonar på, og kva eigarskapskontrollar som skal gjerast. Planane skal vere baserte på ei risiko- og vesentlegheitsvurdering. Til å stø planarbeidet har heradet nytta Deloitte.
Forvaltningsrevisjon inneber å gjere systematiske vurderingar av økonomi, produktivitet, regeletterleving, målinnfriing og verknader ut frå heradsstyret sine vedtak og føresetnader, mens eigarskapskontroll inneber å kontrollere om forvaltninga av heradet sine eigarinteresser er i samsvar med regelverk, heradsstyret sine vedtak og anerkjende prinsipp for eigarstyring.
Kontrollutvalet har i oppgåve å følgje opp planane, og sjå til at forvaltningsrevisjonar og eigarskapskontrollar blir bestilt, gjennomførte, og følgd opp i ettertid. Kontrollutvalet har fått delegert mynde frå heradsstyret til å foreta endringar og omprioritere i planane ved behov, samt definere og avgrense konkrete prosjekt innafor dei utvalde områda i planen. Kontrollutvalet har også fått delegert mynde til å evaluere planen minst ein gong i valperioden.
Plan for forvaltningsrevisjon inneheld seks prioriterte prosjekt og ei rekkje uprioriterte prosjekt som kan bli iverksette viss kontrollutvalet meiner det er behov (og midlar) for det. Kontrollutvalet har normalt budsjett til ein forvaltningsrevisjon eller eigarskapskontroll i året.
Dei prioriterte forvaltningsrevisjonsprosjekta er:
1. Barnevern
2. Anskaffingar og kontraktsoppfølging
3. Bemanning og sjukefråvær
4. Kvam Energi AS
5. Tenester til personar med nedsett funksjonsevne
6. Saksførebuing og vedtaksoppfølging
Dei prioriterte eigarskapskontrollane er:
1. Overordna eigarskapsforvaltning i Kvam herad
2. Hardanger AKS AS
3. Kvam Energi AS
Allereie i møte i kontrollutvalet i mai blei det vedteke å bestille ein prosjektplan frå revisor på ein forvaltningsrevisjon innan barnevern, der planen mellom anna inneheld:
Kontrollutvalet sin leiar, Trygve Vik (Senterpartiet), viser til risiko- og vesentlegheitsvurderinga at Deloitte har fått tilbakemeldingar på at det er press på barnevernstenesta i Kvam herad og slitasje på dei tilsette i tenesta, og Deloitte viser til at det er rapportert om fristbrot i eit urovekkande høgt tal undersøkingar – heile 38 % i andre halvår i fjor – mot 5,4 % i resten av fylket. Barnevernet er eit vesentleg område der feil i sakshandsaminga eller dårleg kvalitet på tenestene kan få svært alvorlege konsekvensar for born og deira pårørande, seier Vik.
Kontrollutvalet skal handsame prosjektplanen i møte 10. september. Da vil endeleg bestilling av forvaltningsrevisjonen gjerast, som revisor vil bli beden om å setje i gang med snarast.
Kontaktinfo
For presse: Trygve Vik, leiar for kontrollutvalet i Kvam herad, tel. 900 69 759
For andre henvendingar om revisjonsplanen og kontrollarbeidet: kontrollutvalet@vlfk.no