Vestland fylkeskommune har hatt ute ny avtale knytt til vintervedlikehald (brøyting/strøing) av fylkesveg og gang/sykkelveg (GS) ute på anbod. som omfattar bl.a. FV49 som går gjennom Norheimsund sentrum. For komande år er det Presis vegdrift som skal brøyte veg og gang- og sykkelveg i Norheimsund sentrum. Presis vegdrift nyttar Lyse som underentreprenør.
Fylkeskommunen nyttar telefonnummer 175 og nettsida www.175.no til vegmeldingar.
Kvam herad står for brøyting/strøing av alle kommunale vegar. Kommunen si tekniske vakt kan nåast på telefon 56 55 34 00.
Kvam herad har hatt ein gjennomgang med Presis vegdrift/Lyse i Norheimsund sentrum for å sjå på kva område som skal brøytast av dei ulike aktørane. Vedlagt kart viser områda som kommunen skal brøyte i Norheimsund sentrum, markert med blå “tusj”:
Kommunalt brøyteområde i Norheimsund sentrum
Kvam herad