Kjenner du til eit område som er forsøpla, kan du melde det inn her: https://ryddenorge.no/meldfra
Plukking av bos under Rein Hardangerfjord aksjonen i 2022.
Så lett er det å delta som frivillig ryddar
- Last ned denne veilederen for korleis ein registrerer ein aksjon. Kvart ryddelag må ha éin gruppeleiar.
- Gå inn på www.ryddenorge.no og registrer område du vil rydde.
- Hent gratis ryddeutstyr og rydd så mykje de kan!
- Avslutt aksjonen og registrer kor mykje de har rydda.
Har du lyst til å vere med og bidra, finns det mange spanande roller å fylle:
Likar du å halde oversikt? Då kan du bli ein av våre gruppeleiarar.
Vil du leie di eiga ryddeaksjon? Då kan du bli ein av våre aksjonsleiarar.
Har du moglegheit til å transportere rydda avfall? Då kan du bli ein av våre avfallstransportørar.
Trivst du best med å rydde som frivillig? Då kan du bli ein av våre frivillige ryddarar.
Interessert i å ha ei rolle under aksjonen? Meld deg til ei rolle her: forms.office.com/e/fWs6Qqp8CK
Ryddelag under rein Hardangerfjord 2022
Henting av utstyr
Hanskar og sekkar kan hentast på følgjande stader:
- Rådhuset, Grovagjelet 16, Norheimsund
- Lingalaks, Lingavegen 206, Strandebarm
Når de er ferdige med å plukke søppel, kan dette leverast i konteinarar plasserte ved Lingalaks i Strandebarm og Fartøyvernsenteret i Norheimsund.
Dette er ein del av Strandryddeuka 13. - 22. september, så me oppmodar til rydding heile denne veka - medan oppsamlingsstasjonane står ute.
Meir info på www.framtidshavet.no/reinhardangerfjord
Spørsmål? www.framtidshavet.no/svar
Dersom de manglar trasport av boss til kontainarar når de er ferdige med å rydde, kan de ta kontakt med Heidi Ørjansen på telefon 90541203.