Kulturløypa vil vera open i frå kl 11.00 til 17.00, med innlagte foredrag på ulike tidspunkt igjennom heile dagen. Vil du sykla kan du også leiga sykkel gratis, på Kabuso og ved Hardanger fartøyvernsenter.
Kart over kulturminneløypa
1. Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger fartøyvernsenter utfører tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av båtar. På senteret er det både skipssmed og reipslagar.
Møt båtbyggjaren i småbåtverkstaden og få høyra om tradisjonell bygging av strandebarmaren og andre hardangerbåtar. Det vert korte føredrag ved Peter Helland Hansen i småbåtverkstaden klokka 12, 14 og 17.
Mange interessante flytande kulturminne vil vera å sjå ved kaia.
For meir informasjon om Hardanger fartøyvernsenter, sjå nettsidene deira.
2. Gamleskulen på Norheim
Gamleskulen på Norheim
Øyvind Strømmen
Gamleskulen på Norheim vert denne dagen arena for føredrag om den historiske utviklinga i Norheimsund ved Borghild Storaas Ones, kl. 12, 13.30 og 15.
Sjå og høyr historia om korleis Norheismund har utvikla seg gjennom dei siste to hundre åra. Det vert dessutan kafé med sal av kaffi, vaflar og juice/brus.
3. Holmsund
Holmsund sett frå sjøen
Bergen og omland friluftsråd
Holmsund er eit typisk bruk i frå Hardanger, småbruk kombinert med båtbygging, sjøfart og seinare industriarbeid. Bruket er i offentleg eige.
Valland og Nes grendalag, ved Cecilie Holm og Randi Storaas har gjort mykje for å ta vare på kulturhistorien. Dei vil formidla dette på kulturminnedagen. Føredrag kl. 11.30, 13 og 14.30.
Du kan lesa meir om historia til Holmsund på nettsidene til Bergen og omland friluftsråd (PDF).
4. Sjuragarden
Sjuragarden
Sjuragarden var eit typisk vestlandsbruk med sau, storfe, frukt og bærproduksjon. I dag vert det satsa på frukt.
På kulturminnedagen kan du nytta høvet til koma innom for å sjå og kjøpa produkt basert på lokale råvarer og lokale
tradisjonar. Møt Karin Mo Valland og Gjermund Valland, som kan fortelja om historia bak endringa på garden i frå dyr og frukt til satsing kun på frukt.
For meir informasjon om Sjuragarden, ta ein kikk på Facebook-sida deira, eller besøk sjuragarden.no.
5. Tunet på Nes gard
Nes gard
Nes gard er ein tidlegare lensmannsgard, har klyngetun med fleire bygg og eigen klosterhage. Denne ukjenta kulturperla midt mellom Øystese og Norheimsund må opplevast frå innsida.
Nytt høvet til å verta kjent med tunet, garden og historia. Spennande føredrag ved Geirmund Nes kl. 13, 14.30 og 16; om tunet, byggeskikken, klosterhagen, samlingane og mykje meir.
6. Storeteigen
Øyvind Strømmen
Gardstun med stover frå 1600-talet i Øystese, med bakstekoner og bandasmiing. Vert kjend i eit flott miljø og opplev tradisjonar innan handverk og mattradisjonar. Det vert sal av kaffi, saft og lefser. Uteleikar til dei minste og verkstad med kroting for både store og små.
7. Kabuso og Ingebrigt Vik Museum
Ann Charlotte Ellingsen
Kabuso er kunsthuset i Øystese og tusenårsstaden i Hordaland, og ligg i tilknytning til Ingebrigt Vik museum, der ein kan sjå arbeid av den internasjonalt kjende bilethoggaren frå Øystese. På Kabuso kan ein sjå utstillingane til Arvid Pettersen og Gabriel Johann Kvendseth. Verkstad og eige opplegg for born.
Kunstnarsamtale mellom Pettersen og Kvendseth kl. 14, leia av fagleg leiar i Kabuso, Sissel Lillebostad. Visning av korte filmar om Ingebrigt Vik, Geirr Tveitt og Olav H. Hauge. Omvisingar kl. 11.30, 13 og 14.30.
For meir informasjon om Kabuso, sjå nettsidene til museet.
8. Grammofonmuseet i Øystese
Lokalt museum med ei unik samling av sveivegrammofonar og 78-plater. Eigar og primus motor for den spesielle samlinga er Ernst Rykkje. Han er til stades for å gje informasjon og svara på spørsmål.
For meir informasjon om museet, sjå deira eigne nettsider.