Inkubasjonstida (tida frå ein er smitta til sjukdomen gjev symptom) er ifølgje WHO anslått til å vera 5 - 6 dagar, men kan variera frå 0 til 14 dagar.
Det nye koronaviruset fører til ein luftvegsinfeksjon, og kan gje alt frå milde symptom til alvorleg og i sjeldne tilfelle også livstrugande sjukdom. Nokre personar kan ha COVID-19 utan å utvikla sjukdom. Dette gjeld særleg born og yngre vaksne. Det er uklårt i kva grad personar utan symptom kan spreia sjukdomen.
Dei som vert sjuke får vanlegvis fyrst symptom frå øvre luftvegar (vondt i halsen, forkjøling, lett hose), i tilegg til sjukdomskjensle og muskelsmerter. Magesmerter førekjem, og i enkelte tilfelle diaré. Det vert også rapportert om nedsett smak- og luktesans.
Sjukdomsforløpet kan variere mykje frå person til person. Førebels ser det ut til at dei typiske forløpa er:
- Mildt forløp. Dette gjeld dei fleste sjuke. Symptoma går over i løpet av ein til to veker. Desse personane har sjeldan behov for behandling frå helsevesenet.
- Moderat forløp: Etter 4-7 dagar med milde symptom får nokre lungebetennelse med tung pust, forverring av hoste og stigande feber. Ein del har behov for å bli innlagt på sjukehus. Røntgenundersøking av lungene kan vise forandringar som tyder på virus-lungebetennelse.
- Alvorleg forløp: Symptoma er dei same som ved moderat forløp, men desse personane har i tillegg behov for intensivbehandling. Symptoma kan vara i 3-6 veker. Som ved andre alvorlege infeksjonar kan ein sjå forskjellige komplikasjonar ved alvorleg covid-19, mellom anna lungeskade, hjarte-karsjukdom og koagulasjonsforstyrringar. (5-8). Dødsfall førekjem blant nokre av dei som blir alvorleg sjuke.
Informasjon om kva som er risikofaktorar for å få alvorleg i staden for mild sjukdom, er førebels avgrensa. Innlegging på sjukehus, intensivbehandling og dødsfall er vanlegare hos eldre og personar med underliggande sjukdommar, og særleg hos dei som både er eldre og har underliggande sjukdom. Alvorleg, livstrugande sjukdom kan likevel også oppstå hjå personar utan kjende risikofaktorar.
Les meir: