Berre stikk innom!

Klikk for stort bileteTorsdag 16. september er det drop-in-vaksinering. 

Vaksinering 15. september utgår. Dersom du har fått time til 15. september vert du forsøkt kontakta, for å flytta vaksinetimen til 16. september. Skulle du ikkje høyra noko kan du uansett møta opp på torsdagen, til same klokkeslett som timen du hadde.

16. september vert det dessutan drop-in-vaksinering for deg som framleis ikkje har fått den fyrste dosa koronavaksine, og for deg som har fått den fyrste dosa for minst fire veker sidan. Det vert gjeve Pfizer-vaksiner frå 9 - 14 og Moderna-vaksiner frå 14 - 17.

Vaksinestad er som før i gymsalen på den gamle yrkesskulen, Dalatunvegen 40.

Kvam herad oppmodar alle som kan til å nytta høvet, slik at vaksinedoser ikkje går til spille. Denne oppmodinga går også til deg som har ei timeavtale seinare i haust. Berre stikk innom, altså!