12. januar: Oppdatering om koronasmitte

Klikk for stort bileteNi personar i Kvam har fått påvist koronasmitte frå 10. til 12. januar. 

Seks av dei er i ein familie, og har ukjent smitteveg. I tillegg kjem eit nytt smittetilfelle i ein husstand med smitte frå frå, eit smittetilfelle hjå det som er definert som anna nærkontakt og eit smittetilfelle som vert knytt til ei gjennomført reise.

Talet på koronatilfelle siste 14 dagar har stige igjen, og ligg no på tilsvarande 402 per 100.000 innbyggjarar.

Kvam herad minner om dei generelle smittevernråda: hugs på god hand- og hostehygiene, hald deg heime om du vert sjuk, test deg om du får nyoppståtte luftvegssymptom og avgrens talet på nærkontaktar. Ikkje minst: Ta vaksina. På www.kvam.no/vaksine/ finn du no oppdatert informasjon om vaksineringa frametter, både om du skal ha boostervaksine, eller om du framleis ikkje har fått tatt den fyrste eller den andre dosa.

Det er sett opp følgande vaksinedatoar frametter:

  • 18. - 19. januar (3. dose vert gjeve til aldersgruppa 45+)
  • 25. - 26. januar (3. dose vert gjeve til aldersgruppa 18+)
  • 1. - 2. februar (3. dose vert gjeve til aldersgruppa 18+)
  • 8. - 9. februar (3. dose vert gjeve til aldersgruppa 18+)

Vaksinestad er den gamle yrkesskulen i Steinsdalen, Dalatunvegen 40. Parker på parkeringsplassen nedanfor det gamle skulebygget. Er du dårleg til beins, kan du køyra opp til skulen.  Opningstidene er 9 - 15 alle dagane.  

Dersom du av særlege grunnar ikkje kan ta vaksine innanfor dei aktuelle klokkesletta, kan du ta kontakt med vaksinetelefonen for å avtala eit anna tidspunkt. Vaksinetelefonen når du på 480 44 278. Han er open måndag - onsdag frå kl. 9 - 14, men for å gjera ei slik avtale er det best å ta kontakt på måndagar.

Har du sprøyteskrekk?

Dersom du har sprøyteskrekk er det mogleg å få tilrettelagt vaksineringa. For å ordna med dette, tek du kontakt med oss på vaksinetelefonen, som du når på 480 44 278. Telefonen er open måndag - onsdag, 9 - 14, men for å gjera ei avtale om tilrettelegging er det best å ta kontakt på måndagar.