Reglar for heimekarantene og isolasjon

Oppdatert 13. mars 2020: Karantene vert nytta når du er frisk, men har vore utsett for smitterisiko. Isolasjon vert nytta når du er sjuk, og har stadfesta eller mistenkt koronasmitte.

Kven skal i heimekarantene?

Heimekarantene gjeld for følgjande grupper:

  • Nærkontakt til person som har fått påvist koronasjukdom / koronasmitte
  • Personar som har vore utanfor Norden etter 27. februar 2020

Reglar for personar i heimekarantene

  • Dersom personar i heimekarantene skal ut av eigen heim, må dei unngå nær kontakt med andre. Dei skal ikkje på jobb eller skule, og dei skal unngå reiser, offentleg transport og andre stader der ein lett kjem nær andre
  • Dei som er i heimekarantene vil ikkje bli testa for smitte og skal heller ikkje kontakta helsevesenet, med mindre dei har behov for helsehjelp eller vert vurdert å tilhøyra ei risikogruppe.

For ytterlegare informasjon, sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Kven skal i isolasjon?

Personar som er stadfesta smitta med koronavirus, som ventar på prøvesvar fordi helsetenestene mistenker smitte eller får luftvegssymptom når dei er i heimekarantene, blir isolert i eigen heim. Dette inneber at dei skal halda seg heime, helst i eit anna rom enn dei andre som bur i bustader. Dei får beskjed av fastlegen sin når dei får koma ut av isolasjon.