Har du trong for hjelp til å handla på butikken eller henta medisin på apoteket?

Klikk for stort bileteKvam herad og Grannehjelpa samarbeider med frivillige i heile kommunen for å kunna gje deg som treng hjelp ei hand i denne situasjonen.

Dette er eit tilbod for deg som er i isolasjon/karantene eller av andre grunnar som følgje av koronautbrotet ikkje kjem deg til butikken eller på apoteket.

Det vert utkøyring av varer på frå og med måndag, til og med fredag. Me må ha tinginga frå deg innan kl. 1200. Frivillige vil køyra ut varer i tidsrommet kl. 1700 – 1900.

Tinginga skal føregå til ein butikk i di eiga grend. Me har avtale med:

  • Rema 1000, Norheimsund
  • Coop Extra, Øystese
  • Spar, Norheimsund
  • Coop Prix, Norheimsund
  • Joker, Omastrand
  • COOP, Ålvik
  • COOP, Tørvikbygd
  • COOP, Strandebarm

Betaling av varer

Du betaler berre for varene du kjøper.

Du kan betala med Vipps eller få faktura tilsendt i ettertid. Vipps nr vert sendt til deg så snart me har motteke tinginga.

Tinging av medisinar

 

Det vert også utkøyring av medisin frå og med måndag, til og med fredag.  Me må ha tinginga frå deg innan kl. 1200. Frivillige vil køyra ut medisin i tidsrommet kl. 1700 – 1900.

Me har avtale med:

  • Linnea apotek, Øystese
  • Boots apotek, Norheimsund

Tinging av medisinar skjer direkte til apoteka. Apoteka plukkar og pakkar medisinane. Medisinar vert pakka i posa som vert stifta igjen og merka med namn og adresse til mottakaren.

Faktura for medisinane vert lagt i posen.

For å få levert medisinen heim tek du kontakt på e-posten varelevering@kvam.kommune.no

Korleis får du varene levert?

Frivillige hentar varer/medisin i butikk/apotek og fraktar varene/medisinane til deg. Den frivillige ringer/bankar på, og set varene frå seg utanfor døra. Den frivillige skal ikkje gå inn i bustaden, ha fysisk kontakt med deg eller andre i husstanden.

Den frivillige skal heller ikkje gjera andre oppgåver som til dømes kasta avfall, ta imot avfall, pant eller øskjer. Dersom du har problem med søppel/avfallshandtering, skal den frivillige gje melding om dette til kommunen. Den frivillige skal ikkje ta mot pengar eller ta i mot retur av noko slag.  

Slik gjer du det

Send e-post til varelevering@kvam.kommune.no. Denne e-posten må innehalda informasjon om:

  • Namn, adresse, mobil/telefon og e-post
  • Handleliste
  • Kva butikk du vil handla i?
  • Korleis du vil betala (vipps eller faktura)?

Me sender deg ei melding når tinginga er motteke.

Teieplikt 

Grannehjelpa, kommunen sine tilsette, butikkane som bidreg i dette arbeidet og dei frivillige har teieplikt.  

Opplysningane som du gjev oss i denne samanhengen vert sletta seinast 3 månadar etter denne hendinga.

Spørsmål?

Ta kontakt med Reidun Braut Kjosås, tlf. 917 37 515 eller Sidsel Haugen, tlf. 901 22 688.

Har du spørsmål om korona? Sjå helsenorge.no og bruk den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015.

Kvam herad har også ein eigen publikumstelefon, der du kan mellom anna kan få informasjon om tiltaka som vert gjort lokalt. Telefonnummeret er 56 55 31 85. Telefonen er open mellom kl. 9 og 15 på kvardagar.

Klikk for stort bileteTreng du nokon å snakke med, om rus, psykisk helse eller anna som er vanskeleg? Sjå eigen oversikt. 

Informasjon på andre språk

Informasjon for tilsette

Informasjon om korona for tilsette i Kvam herad vert publisert på intranettsidene. Der finn ein også svar på ofte stilte spørsmål frå tilsette.