Informasjon om det nye koronaviruset

Korleis kan den enkelte førebyggja smitte? Kva tiltak er sett i verk?

Artikkelen er sist oppdatert 26. mars 2020, kl. 12:33. For mest mogleg oppdatert informasjon, sjå helsenorge.no.

24. mars: Regjeringa har avgjort at skular og barnehagar i Noreg skal vera stengt fram til og med 13. april 2020. Helsedirektoratet har sett i verk omfattande og inngripande tiltak. Les meir i eigen artikkel, og sjå informasjon til foreldre. Rådhuset og NAV-kontoret er stengt for publikum, ta kontakt på telefon.  

For information in English, please refer to the web site of the Norwegian Institute of Public Health.

Omfattande tiltak iverksett

Helsedirektoratet set i verk omfattande og inngripande tiltak. Les meir på kvam.no og helsedirektoratet.no.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Korona

Meir informasjon

Helsenorge.no ligg det svar på mange vanlege spørsmål.

På nettsidene til Folkehelseinstituttet (FHI) finn du også meir fakta og informasjon om det nye koronaviruset:

Om du har spørsmål om koronaviruset som du ikkje finn svar på på nettsidene til Folkehelseinstituttet kan du også ringja 815 55 015, kvardagar mellom 8 og 15.30.

Kvam herad har ein eigen publikumstelefon for informasjon om korona, med tlf. 56 55 31 85, med opningstid 9 - 15, måndag til fredag.

Har du spørsmål om korona? Sjå helsenorge.no og bruk den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015.

Kvam herad har også ein eigen publikumstelefon, der du kan mellom anna kan få informasjon om tiltaka som vert gjort lokalt. Telefonnummeret er 56 55 31 85. Telefonen er open mellom kl. 9 og 15 på kvardagar.

Klikk for stort bileteTreng du nokon å snakke med, om rus, psykisk helse eller anna som er vanskeleg? Sjå eigen oversikt. 

Informasjon på andre språk

Informasjon for tilsette

Informasjon om korona for tilsette i Kvam herad vert publisert på intranettsidene. Der finn ein også svar på ofte stilte spørsmål frå tilsette.