Vidare gjenopning

Klikk for stort bileteRegjeringa varsla fredag 18. juni ytterlegare lettingar i smitteverntiltaka. Her finn du dei viktigaste nasjonale reglane og tilrådingane frametter.

Tilrådingar (gjeldande frå 18. juni 2021)

Hald 1 meter avstand. Hald hendene reine. Hald deg heime dersom du er sjuk. 

Sosial kontakt

  • Ikkje ha besøk av fleire enn 20 gjestar. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort, ssjølv om det overstig tilrådd tal gjestar.
  • Beskytta personar vert ikkje rekna med i antallsavgrensinga. 
  • Rådet om avstand gjeld framleis, men beskytta kan ha nær sosial kontakt (under ein meter) med andre beskytta og ubeskytta som ikkje er i risikogruppa. 
  • Det vert oppmoda til å møtast utandørs.

Reiser

  • Innenlandsreiser kan gjennomførast.
  • Personar som ikkje er beskytta og som reiser til kommuner med mindre strenge tiltak bør følgja tilrådingane som gjeld i kommunen der dei har opphalde seg i tida før reisa.
  • Personar som ikkje er beskytta vert oppmoda til å vera ekstra varsame og planlegga reisa slik at ein i størst mogleg grad unngå smittespreiing mellom stader. Dette er særleg viktig for personar som reiser frå område med høgt smittetrykk, dvs. frå kommunar som har strenge lokale tiltak. 

Skular og barnehagar
Barnehagane og skulane følgjer trafikklysmodellen om grønt, gult eller raudt tiltaksnivå etter lokale vurderingar. Kvam herad tek sikte på å opna på grønt nivå etter skuleferien.

Arbeidsliv

  • Auka nærvær på arbeidsplassen. Bruk av delvis heimekontor og / eller fleksibel arbeidstid.
  • Arbeidsgjevar vurderer i større grad om heimekontor er naudsynt i ljos av den lokale smitterisikoen. 
  • Generelle smitteverntiltak.
  • Det må vera mogleg å halda ein meters avstand for alle.
  • Dei som er beskytta treng ikkje å halda avstand til andre på arbeidsplassen, men bør ta særleg omsyn til ubeskytta i risikogrupper.

Arrangement (både private og offentlige)
Det vert oppmoda til å halda arrangement utandørs heller enn innandørs.

Personar som ikkje er beskytta og som kjem frå område med høgt smittetrykk bør ikkje oppsøka arrangement i andre kommunar. 

Idretts-, kultur og fritidsaktiviteter

  • Det vert oppfordra til aktivitet utandørs heller enn innandørs.
  • Unntak frå tilrådinga om 1 meters avstand både utandørs og innandørs der det er naudsynt for å utøva aktiviteten. Dette opnar for trening i kontaktidrett for vaksne.
  • For vaksne er gruppestorleiken tilrådd å vera 30 personar innandørs og 40 personar utandørs.

Sommar- og aktivitetsleir (nytt)

  • Talet deltakarar på sommarleir, aktivitetsleirer og andre fritidstilbod som samlar mange personar og varer over fleire dagar, vert tilrådd avgrensa til 300, og det vert tilrådd å dela deltakarane inn i grupper med omlag 40 personar.
  • Det er ikkje eit krav om å halda 1 meters avstand, men dei generelle tilrådingane om avstand og god handhygiene, både for vaksne og born.
  • Når det skjer aktivitetar på leiren som ikkje kan gjennomførast utan å vera nærare enn 1 meter, gjeld ikke tilrådinga om å halda avstand.

Toppidrett
Toppidrett kan utøvast som normalt. Det tyder at seriespel kan gjennomførast utandørs og innandørs.

Reglar for heile landet

Desse reglane gjeld frå sundag 20. juni, kl. 12.00.

Handelsnæringa
Opent med regulering av smittevernforvarleg drift i tråd med covid-19-forskrifta, som å tilretteleggja for minst 1 meters avstand og å ha rutiner for god hygiene. Smitteverntiltak i tråd med eigne bransjestandardar. Varemesser og mellombels marknader vert regulert på same måte som handelsnæringa.

Idretts-, kultur og fritidsaktivitetar 

  • Born og unge under 20 år kan delta som utøvarar på idrettsarrangement eller konkurranse på tvers av regionar / krinsar (nasjonalt), både utandørs og innandørs, utan krav om å halda 1 meters avstand.
  • Vaksne i breiddeidretten får unntak frå 1-metersregelen ved deltaking på idrettsarrangement som kampar og stemne innan regionen / krinsen. Dette gjeld både utandørs og innandørs.
  • Vaksne dansarar, musikarar og scenekunstnarar som ikkje er profesjonelle kunstnarar får unntak frå 1-metersregelen på både utandørs og innandørs kulturarrangement, dersom dei elles trener eller øver saman (nytt).

Arrangement
Private arrangement

  • Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde / lånte lokale, inne og ute. 

Offentlege arrangement (justerte reglar frå midnatt, natt til torsdag 8. juli)

Utan test eller koronasertifikat

Innandørs

Utandørs

Faste tilviste plassar

Inntil 1000 personar (500 x 2 kohortar)

Inntil 2000 personar (500 x 4 kohortar)

Uten faste plassar

Inntil 400 personer (200 x 2 kohortar)

Inntil 800 personar (200 x 4 kohortar)

Med test eller koronasertifikat

 

 

Faste tilviste plassar

 

Før 8. juli:

50 % kapasitet opp til maks 2500 personar (500 x 5 kohortar)

Frå 8. juli: 

50 % kapasitet opp til maks 3000 personar (med maks. 500 i kvar kohort)

 

Før 8. juli:

50 % kapasitet opp til maks 5000 personar (500 x 10 kohortar)

Frå 8. juli:

50% kapasitet opp til maks 7000 personar (med maks. 500 i kvar kohort).

Utan faste plassar

Før 8. juli:

50 % kapasitet opp til maks 1000 personar (500 x 2 kohortar)

Frå 8. juli:

Maks 1500 personer. Inntil 500 per kohort, og maks. 50 % kapasitet.

Før 8. juli:

50 % kapasitet opp til maks 2000 personar (500 x 4 kohortar)

Frå 8. juli:

Maks 3000 personer. Inntil 500 per kohort, og maks 50 % kapasitet.

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve

  • Skjenkestoppen kl. 24 vert oppheva. Innsleppsstopp kl 24:00 vert oppretthalde.
  • Krav om registrering, bordservering av alkohol, redusert tal på gjestar, sitjeplassar til alle gjestar og avstand.