Treng du nokon å snakka med? Grannehjelpa er her for deg!

Treng du nokon å snakka med? eller chatta med? Grannehjelpa stiller opp for deg!

Klikk for stort bilete

Det er fleire av oss som saknar sosial omgang no når me må halda oss ”innomhus”.

Vil du at nokon skal ringe deg for å prate litt? Eller hadde det vore kjekt å chatte med nokon?

Meld ynskje til telefon 480 72 456 eller på epost kontakt@grannehjelpa.no

Telefon og digitiale media er opne og i Grannehjelpa har me frivillige som gjerne vil ringa for å ta ein prat, chatta over meldingar eller arrangera aktivitetar over videochat.

Ein kan til dømes få hjelp til lekser, læra språk eller «berre prata skit». Har du andre idéar, som til dømes høgtlesing, speling eller quiz, meld frå til Grannehjelpa så ser me kva me får til i lag!

PS! Har du førespurnad om levering av daglegvarer? Sjå eigen artikkel om dette.