Rådhuset og NAV-kontoret er stengt

Klikk for stort bileteEi rekkje offentlege kontor og tilbod er stengt. Det inkluderer rådhuset og NAV.

Rådhuset

Kvam rådhus er stengt for publikum. Kvam herad kan kontaktast per telefon 56 55 30 00. For informasjon om koronaviruset og om tiltaka som er innført, sjå våre informasjonssider om korona.

Biblioteket

Biblioteket er stengt. 

NAV

Tilsette ved NAV Kvam vil vera på jobb, men i stor grad ha heimekontor fram til 26. mars 2020. Publikumsmottaket vert stengt fram til same dato. Du får oppfølging gjennom andre kanalar. Har du behov for akutt hjelp frå NAV, kan du ringa tlf. 957 28 812, denne er bemanna frå 0900-1500. 

Du kan elles ordne det meste på nav.no eller få hjelp på tlf 55 55 33 33.

Politiet

Politiet sine publikumstenester er stengt til og med 26. mars 2020. Følgjande tenester er omfatta: pass, nødpass, levering av anmeldelse, hittegods, avtaler som omhandlar opphald og utlendingstenesta, våpen, Namnsmannen og Forliksrådet.

Politiet ber om at publikum tek kontakt med sitt lokale politi for å gjera nye avtaler fram i tid. Sjå meir informasjon på politiet.no.