Oppdatering om koronasmitte, 16. oktober

Klikk for stort bileteDet vart i går kveld påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte i Kvam. På bakgrunn av kartlegginga av nærkontaktar vert rådhuset stengt fredag og måndag. Dette vert gjort som føre var-tiltak. 

Seint i går kveld fekk Kvam herad melding om eit nytt smittetilfelle i kommunen. Smittevegen er ukjend, men vedkomande kan ha vorte smitta i samband med innanlands reise. Smittesporingsarbeidet er i gong og nærkontaktar er sett i karantene.

På bakgrunn av kartlegginga av nærkontaktar og som føre var-tiltak vert Kvam rådhus stengt fredag og måndag, og tilsette som har høve til det vert oppmoda om å ha heimekontor. Avhengig av prøvesvar vil Kvam herad i løpet av dagen og helga vurdera kor vidt fleire tiltak er naudsynte.

Hugs generelle smittevernråd. Dersom du får symptom på nyoppstått luftvegsinfeksjon, ta kontakt med legevakten for å avtala prøvetaking. Legevakten har eit eige telefonnummer for dette, 900 46 590 (ope vekedagar frå 0830 til 1600).