Oppdatering, 26. mars

Det er viktig at alle som har helseplager som ikkje er knytt til Covid-19 tek kontakt med fastlege eller legevakt dersom det er behov for det.

Andre akutte sjukdomstilfelle opptrer sjølvsagt også samstundes med koronaepidemien, og skal behandlast. Forseinka behandling av andre infeksjonar eller sjukdomar kan føra til alvorlegare forløp og behov for sjukehusinnlegging, som ein kan unngå om ein kjem tidleg i gang med behandling.

Fastlegar og legevaktlegar brukar no telefon og video i større grad enn før, og det kan også verta brukt i vurdering av slike tilfelle, men det altså svært viktig at pasientar tek kontakt ved akutt sjukdom som ikkje er luftvegsrelatert, eller ved forverring av kroniske sjukdomar. Likeeins vert pasientar oppmoda til å ikkje avbestilla planlagte kontrolltimar. Fastlegane vurderer om timar kan utsetjast eller gjennomførast på telefon eller video, og vil i så høve ta kontakt  på førehand. 

Pasientar med kroniske sjukdomar treng korrekt oppfølging for å førebyggja alvorleg sjukdom, og eventuell smitte med koronavirus.

Legekontor og legevakt har sett i verk smitteverntiltak for å unngå smitte på legekontora, i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet. Eitt av desse er å avgrensa talet på pasientar som møter fysisk, men det er samstundes viktig at dei som må koma til fysisk undersøking og eventuelle prøvetaking faktisk gjer dette. For pasientar med luftvegssymptom er det etablert eigne reglar for pasientmottak. Desse vert ikkje tekne inn i same område som pasientar utan luftvegssymptom i det heile.

Andre nyhende:

  • I går ettermiddag var til saman 125 personar i Kvam testa for koronasmitte. 1 person er stadfesta smitta av viruset.
  • 22 tilsette innan pleie og omsorg er i karantene.
  • Det vert arbeidd med å få på plass nettbrett på institusjonane, slik at dei som bur der kan ha kontakt med familie.
  • Nasjonalbiblioteket har lansert ei løysing som gjer at du kan få nasjonalt lånekort digitalt, noko som gjer at fleire kan få tilgang på digitale lånetenester.
  • Eksamenar på 10. trinn og skriftlege eksamenar på vidaregåande skule er avlyst.
  • Det er hengt opp informasjonsplakatar på leikeplassar, tilsvarande dei som tidlegare er hengt opp ved baner, som formidlar viktige smittevernråd og -reglar. Dei same plakatane vert også hengt opp på uteareala til skular og barnehagar i løpet av dagen. Det er viktig å unngå å samla seg i store grupper, og viktig med fokus på god handhygiene før, under og etter leik.