Nasjonalt lånekort - digitalt!

Manglar du tilgang til dei digitale tenestene som biblioteket tilbyr? Fortvil ikkje! Nasjonalbiblioteket har no lansert ei løysing der du kan få deg lånekort via nettet. 

Klikk for stort bilete  

Det digitale lånekortet er eit fullverdig lånekort som lånarar som ikkje har nasjonalt lånekort frå før kan skaffe seg ved å gå inn på nb.bib.no .  
Det krev at du identifiserer deg  ved hjelp av ID-porten (til dømes MinID og BankID)
Som digital nasjonal lånar får du tilgang til nasjoanle bibliotektenester som Filmbib heilt gratis.

Hugs at du alltid kan kontakte biblioteket på bibliotek@kvam.kommune.no eller ring oss på telefon 56551799 om du treng hjelp med bibliotektilgangen