Kvam herad innfører lokale tiltak 

Klikk for stort bileteKvam herad innfører ei rekkje lokale smittevernstiltak, som iallfall vil vara ut veka. Ei ny vurdering vert gjort torsdag 8. april.
 

Oppdatering, 8. april, kl. 10:06: Talet på registrerte smittetilfelle i Kvam er no 42.

Oppdatering, 7. april, kl. 10:55: Til saman 28 kvemmingar har no fått påvist koronasmitte. Kvelden 6. april vart det avgjort å stenga avdelingane Blåmeisa og Gråspurven i Norheimsund barnehage vert ut veka. Dette på grunnlag av smittesporing og bemanningssituasjon.

Informasjon på andre språk: ภาษาไทย - اَلْعَرَبِيَّةُ (PDF, 441 kB) - Lietuvių kalba - Soomaaliትግርኛ

På bakgrunn av det pågåande lokale utbrotet, har kriseleiinga i Kvam idag vald å innføra følgande tiltak:

  • Det vert innført raudt nivå på alle skular og barnehagar. Omlegginga til raudt nivå vil innebera at barnehagane fyrst opnar på onsdag 7. april. Dette gjeld og den private barnehagen Sandven FUS. Tørvikbygd skule, Strandebarm skule og Ålvik skule opnar for fysisk skule frå onsdag av. Øystese skule, Norheimsund skule og Kvam ungdomsskule har heimeundervisning heile veke 14. Heimeoppgåver vert lagt ut på heimesidene til skulane tysdag 6. april, kl. 11.00. Meir informasjon, mellom anna om henting av bøker og pc, kjem frå kvar einskilde skule.
  • Barnehagane og skulane er likevel opne for sårbare born og unge, samt elevar med føresette i samfunnskritiske funksjonar. Me oppmodar føresette om å melda til skulen om behov snarast råd, og om dei har behov for skyss.
  • Vaksenopplæringa og kulturskulen er på raudt nivå.
  • Alle arrangement vert forbode, både innandørs og utandørs. Det gjeld eit unntak for gravferder (OBS: talet på deltakarar kan ikkje overstiga 50 personar). Unntaket gjeld ikkje for minnestunder og liknande.
  • Treningssenter, fleirbrukshallar, symjehallar og øvrige lokale for tilsvarande aktivitetar skal haldast stengt. 
  • Bingo og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader skal halde stengt.
  • Museum skal halda stengt.
  • Organiserte idretts-, kultur- og andre fritidsaktivitetar som går føre seg innandørs, inklusive øvingar, er ikkje tillatt. Utandørs aktivitetar kan gjennomførast så framt dei er i tråd med nasjonalt regelverk.
  • På kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind brukast dersom det er fare for at det ikkje kan haldast ein meters avstand. Munnbind vert tilrådd brukt også i situasjonar der ein ikkje kan halda to meters avstand.
  • Plikta til å nytta munnbind gjeld tilsvarande for tilsette på stader det er ikkje er mogleg å halda ein meters avstand frå kundar, men ikkje dersom det er iverksett andre smitteverntiltak i tråd med FHI sine tilrådingar, t.d. bruk av skiljeveggar.
  • Passasjerar i taxi skal bruka munnbind. Det same gjeld førar når det er passasjerar i taxien.
  • Munnbindreglane gjeld ikkje for born under 12 år, og heller ikkje for personar som av medisinske eller andre helsemessige årsaker ikkje kan bruka munnbind.

Desse tiltaka vert forskriftsfesta i ei lokal forskrift, som gjeld fram til 14. april. Det vil likevel verta teke ei ny vurdering på torsdag 8. april, og Kvam herad vonar å kunna lempa på tiltaka att så snart som mogleg. Heile eller delar av forskrifta kan då altså verta oppheva. Regjeringa har også varsla at dei gjeldande nasjonale reglane og tilrådingane vil gjelda fram til minst 14. april.

Dei lokale tiltaka vert innført for å dempa smittepresset, og for å få betre oversikt over situasjonen. Dei siste dagane har 13 innbyggjarar i Kvam fått påvist koronasmitte, og til saman 143 nærkontaktar er sett i karantene. I tillegg er ein del i ventekarantene. Kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid minner om at det er viktig å testa seg, dersom ein skulle få symptom på koronasmitte: – Det dreier seg fyrst og fremst om luftvegssymptom, men me har også sett døme der andre symptom har kome fyrst, til dømes muskelsmerter og feber. Opplever ein nyoppståtte symptom som dette, er det viktig å halda seg heime, unngå sosial kontakt og få testa seg, seier han.