Informasjon til hytteeigarar i Kvam

Mange tek kontakt med Kvam herad med spørsmål i samband med forbodet mot å overnatta på fritidseigedomar utanfor kommunen ein bur i. Her finn du svar. Har du fleire spørsmål? Ta kontakt med Fylkesmannen i Vestland, tlf. 57 64 30 00, eller e-post fmvlpost@fylkesmannen.no.
Klikk for stort bileteHytte på Kvamskogen Svein-Magne Tunli - tunliweb.no (CC BY-SA 4.0)    

Sist oppdatert 31. mars 2020, kl. 11:35.

Kvifor vert dette forbodet innført?

Når det i utgangspunktet vart oppmoda sterkt til at ein skulle unngå å ta opphald på hytta hadde det to hovudsårsaker. Den fyrste var å unngå smittespreiing. Den andre at helse- og omsorgstenestene i Kvam og andre hyttekommunar ikkje er dimensjonert for å ta hand om både hyttebuarar og eigen befolkning i ein krisesituasjon som dette. Med andre ord var oppmodinga grunna i omsyn til både lokalbefolkninga og omsyn til hyttebrukarane sin eigen tryggleik og moglegheit til å få hjelp i naudfall. 

Ettermiddagen 19. mars varsla regjeringa at forbodet vil tre i kraft. Dette vart gjort på oppmoding frå 7 av 10 fylkesmenn, og på bakgrunn av at fleire hyttekommunar opplevde at mange ikkje hadde teke oppmodinga til følgje. Kvelden 19. mars vart ei justering av forskrifta publisert, som gjer det klårt at det er overnatting på fritidseigedomar utanfor eigen heimkommune som er forbode. Sjå Lovdata. 

Kor lenge gjeld forbodet?

Forbodet vart 24. mars 2020 utvida til å gjelda til og med 13. april 2020. 

Kva unntak finst?

  • Forskrifta seier at "strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates". Regjeringa oppmodar folk til å engasjert lokalt busette personar til å utføra slikt arbeid og tilsyn, men dette er ikkje påkrevd. Reiser du til fritidseigedom i Kvam for å gjera slikt vedlikehald eller tilsyn ber me deg ta omsyn, for å hindra smittespreiing. 
  • Det vert gjort unntak for personar som er i karantene fordi dei deler husstand med ein som er stadfesta smitta av koronaviruset. Bakgrunnen er at det er betydeleg risiko for at ein koronasmitta kan smitta andre i same husstand. Det vil ofte vera praktisk vanskeleg for den smitta å vera isolert når han eller ho deler bustad med fleire. Personar som er i karantene fordi dei deler husstand med ein som er stadfesta smitta, kan overnatta på hytta i den perioda den smitta er i isolasjon heime. Den smitta skal bli heime, medan dei andre personane i husstanden kan overnatta på hytta. Sjå regjeringen.no.

Ein treng ikkje å søkja kommunen om løyve etter desse unntaka.

Kan eg søkja dispensasjon?

Forskrifta har ikkje nokon dispensasjonsheimel, og verken Kvam herad eller andre kommunar har høve til å gje dispensasjon. Me oppmodar difor til å ikkje senda slike søknader.

Kan eg bli straffa for å bryta forskrifta?

Brot på reglane i forskrifta er straffbare, jamfør smittevernlova §8-1. For personar som oppheldt seg på ein fritidseigedom i ein annan kommune er bota normalt fastsett til 15.000 kroner, subsidiært fengsel i 10 dagar. Sjå regjeringen.no.

Eg er uroa for innbrot

Ein del tek kontakt med Kvam herad og uttrykkjer uro for innbrot i samband med hytteforbodet. Kvam herad har vore i kontakt med politiet, og har bede dei om å vera spesielt merksame på Kvamskogen slik situasjonen no er.

Gjeld forbodet også campingvogner, bubilar o.l.? 

Det er ikkje lagt ned noko eksplisitt forbod mot overnatting i campingvogner eller bubilar.

Intensjonen med hytteforbodet er likevel å minska presset på helsetenester i hyttekommunar slik at beredskapen vert ivareteke best mogleg. Norske helsemyndigheiter rår også til å unngå fritidsreiser og til å halda seg mest mogleg heime. Overnatting i campingvogner og bubilar vil vera i strid med dette rådet, som også vert gjeve av Kvam herad.

Campingplassane i Kvam herad er per 26. mars stengde.

Får eg redusert eigedomsskatt?

Oppmodinga om å unngå fritidsreiser og opphald på hytta kjem på bakgrunn av at me er i ein ekstraordinær situasjon, lokalt, nasjonalt og globalt. Det er ein del av ein stor dugnad for å avgrensa koronasmitte, ikkje minst av omsyn til grupper som vil tåla sjukdomen dårlegare. 

Avgrensa bruksmoglegheit i ei periode gjev ikkje grunnlag for reduksjon i eigedomsskatten. Eigedomsskatten er ein objektskatt. Det er objektet (altså fritidseigedomen) sin verdi som avgjer skattegrunnlaget, ikkje eigaren sin subjektive moglegheit til bruk. Det er berre permanente innskrenkingar, som varig reduserer eigedomen sin omsetnadsverdi, som kan føre til krav om lågare eigedomsskatt. Då skjer det i form av omtaksering.

Får eg redusert vass/avlaupsavgifta?

Vass- og avlaupstenester vert levert til sjølvkost, og i det ligg det at brukarane betaler det det kostar å levera tenesta. Kommunen sine utgifter til å levera vass- og avlaupstenester vert i lita grad redusert, sjølv om folk ikkje nyttar hyttene i ei periode. Ein må difor leggja til grunn at dei vedtekne gebyra gjeld, sjølv om ei utanforliggjande hending umogleggjer bruken av fritidsbustaden.

Dersom det skulle syna seg at kostnadane med å oppretthalda tenesta vert redusert, som følgje av lengre tid opphaldsforbod i desse områda, vil sjølvkostregelverket ivareta dette i form av lågare gebyr til neste år.

Eg har fleire spørsmål, kven kontaktar eg?

Hytteforbodet er lagt ned i ei nasjonal forskrift, og Kvam herad har ikkje høve til å dispensera frå forskrifta. Har du spørsmål om tolking av forskrifta, eller om anna, bør du ta kontakt med Fylkesmannen i Vestland, tlf. 57 64 30 00, eller e-post fmvlpost@fylkesmannen.no.