Her kan du få hjelp

Klikk for stort bileteHer er ein oversikt over telefon- og chattetenester som held ope for deg som treng nokon å snakke med, om rus, psykisk helse eller anna som er vanskeleg.

Sist oppdatert 18. desember 2020. 

2020 har vore eit spesielt år, og sjølv om vaksiner no er på veg, vil koronapandemien prega dagleglivet vårt også inn i 2021. Julefeiringa vert heller ikkje som ho pleier. 

Kanskje treng du nokon å snakka eller chatta med? Me har sett saman ein oversikt over hjelpetelefonar og andre stader du kan ta kontakt.  

Til deg som er ung

Dersom du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig å snakke med nokon du stoler på. Her er nokre telefonnummer og chattenester der du kan få hjelp eller berre nokon å snakka med. 

Psykisk helse og rus. Barn og unge

 

Til deg som er bekymra for eit barn

 

Psykisk helse og rus.Til deg som er begymra for eit barn

 

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for både barn og vaksne. Dersom du synest det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller dersom du treng hjelp for å vere ein god forelder, finst det fleire gode tilbod til deg.

Psykisk helse og rus. Til deg som har det vanskeleg

 

Kva grep kan du ta for å hjelpa deg sjølv? 

Det er mange som reagerer med uro på koronapandemien. Dei som er sårbare for stress kan oppleva ei auka aktivering og bli uroa, irritable og opptre mindre rasjonelt enn elles. Kroppen vår reagerer automatisk på det me opplever som farleg. Når fara er diffus slik som det er med eit usynleg virus, blir dei naturlege reaksjonane våre forstyrra. Då tenkjer me mindre med fornufta og meir med kjenslene våre.

Her har du 6 råd som kan vera med på å dempa uro:

  1. Skaff deg innsikt i kva som er myndigheitene sine tilrådingar. Den beste informasjonen om koronaviruset finn du på helsenorge.no. Vidare kan du gå inn på Folkehelseinstituttet sine sider. Lokal informasjon finn du på Kvam herad sine sider om korona.
  2. Men avgrens tida du følgjer med på nyhenda om koronapandemien. Du treng ikkje oppdatering kvart minutt.
  3. Fyll hovudet med noko anna: les ei god bok, lytt på ein podcast, bruk tid på ein hobby, osv.
  4. Gå ein tur dersom du har høve til dette. Frisk luft og fysisk aktivitet dempar uro som du har i kroppen, styrkar deg og kan gjera det lettare for deg å få sova om kvelden.
  5. Gjer noko for nokon andre. Frivillig arbeid. Du kan vera ein trygg person for andre.
  6. Hald på døgnrytmen din. Rutinane skapar tryggleik og føreseielegheit, og førebygg konfliktar. Kroppen vår er eit «vanedyr» så mangel på struktur kan lett skapa indre uro.