Eksamenar på 10. trinn og i vidaregåande skule avlyst

Alle eksamenar for 10. trinn og alle skriftlege eksamenar for elevar på vidaregåande skule er avlyst.

Regjeringa har avgjort å avlysa alle skriftlege og muntlege eksamenar på 10. trinn og alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule våren 2020. Alle elevar får vitnemål sjølv om eksamen vert avlyst.

Kunnskapsdepartmentet melder at det vil verta vurdert om det er mogleg å gjennomføra muntleg eksamen, og at ei avgjersle vil bli teken etter påske. Departementet ser også på moglege løysingar for at privatistar skal kunna ta eksamen.

For meir informasjon, sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider om tiltak i samband med korona.