9. april: Oppdatering om koronatiltak

Klikk for stort bileteKvam herad har fredag ikkje fått melding om nye smittetilfelle. Kriseleiinga vel likevel å halda på dei lokale tiltaka fram til 14. april, i påvente på fleire prøveresultat. Det vil verta gjort ei ny vurdering sundag kveld.

At den lokale forskrifta framleis gjeld inneber mellom anna at skulane og barnehagane framleis er på raudt nivå. Grunna bemanningssituasjon og smittevernkrav kan det medføra at barnehageavdelingar vert delvis stengt også neste veke. Dei det gjeld, vil få informasjon direkte frå skulane og barnehagane.