8. april: Oppdatering om koronasmitte
Kvam herad har fått melding om fire nye smittetilfelle med COVID-19 så langt i dag, og det er dermed registrert 42 tilfelle til saman sidan onsdag i førre veke. Tre av dei nye tilfella var kjende nærkontaktar, for det fjerde er smittesporingsarbeidet ikkje fullført.
Det er no registrert 291 nærkontaktar. I tillegg kjem husstandsmedlemer som er sett i ventekarantene.
I løpet av gårsdagen, onsdag 7. april, vart det gjennomført 128 koronatestar.
Kvam herad understrekar viktigheita av å følgja nasjonale og lokale råd og reglar, slik at me raskast mogleg får kontroll over utbrotet.
Publisert avØyvind Strømmen
Sist endra09.04.2021 13:18