8. april kl 15.30: Oppdatering om koronasmitte

Klikk for stort bileteI ettermiddag fekk Kvam herad melding om to nye smittetilfelle med COVID-19, totalt seks så langt i dag, og det er dermed registrert 44 tilfelle til saman sidan onsdag i førre veke.

Dei nye smitta er nærkontaktar av tidlegare smitta, og smittesporingsarbeidet har vist samanheng mellom dei ulike smittetilfella.