3. januar: Oppdatering om smittevern

Det gjeld nye nasjonale tiltak frå 4. januar, i fyrste omgang fram til 19. januar. Desse har også konsekvensar i Kvam. I tillegg kjem lokale tilrådingar.

Klikk for stort bilete  

For ein oversikt over dei nasjonale tiltaka, sjå eigen artikkel og meir informasjon på regjeringen.no. Sjå også regjeringen.no for informasjon om registrering ved innreise til Noreg.

I løpet av romjula har det ikkje vorte meldt om nye smittetilfelle av koronaviruset i Kvam. Difor er det i hovudsak dei nasjonale reglane og råda som gjeld, i tillegg til tilrådingar Kvam herad har gjeve tidlegare. Fleire av dei nasjonale innstrammingane har konsekvensar lokalt:

  • Det vert innført raudt nivå for ungdomsskulen. Elevar og foreldre får nærare informasjon frå skulane. Sjå også eigen artikkel.
  • Det vert innført raudt nivå for dei vidaregåande skulane. Skulane vil sjølv informera sine elevar om kva konsekvensar dette får.
  • Alle som kan ha heimekontor vert tilrådd å ha heimekontor. Det gjeld også for tilsette i Kvam herad, noko som blant anna vil innebera at få tilsette vil vera tilgjengelege på Kvam rådhus. Me oppmodar til å ta kontakt på telefon istadenfor å besøka rådhuset.
  • Regjeringa rår frå private besøk. Dette gjeld også for dei som bur i omsorgsbustader eller på sjukeheimar.
  • Det vert tilrådd å utsetja alle organiserte innandørs fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar til etter 18. januar. Dette gjeld også for aktivitetar som samlar born og unge på tvers av klassar / kohortar. Som ein konsekvens av dette vert idrettshallane i Kvam stengde for anna enn skulane sin bruk.

I tillegg gjeld følgande lokale råd framleis:

  • Kvam herad oppmodar til bruk av munnbind både på offentleg transport og i butikkar og liknande, i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda meir enn ein meters avstand. Dette gjeld også på skulebussar, men likevel ikkje for born i barneskulealder.

Råd til deg med fritidseigedom i Kvam

Regjeringa rår frå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Hytteopphald med personar frå same husstand vert framleis ikkje frårådd. Du er altså velkomen til å bruka hytta di i Kvam.

Frå nasjonalt hald vert det også rådd til at du handlar inn før du dreg på hytta. Kvam herad har rådd frå at hyttebrukarar på Kvamskogen handlar i Norheimsund og Øystese. Unngå også fritidsaktivitetar som kan innebera auka sosial kontakt.