22. april: Oppdatering om koronasmitte

Kvam har ikkje fått meldt nye tilfelle av koronasmitte sidan førre torsdag.

Denne veka er det så langt gjennomført 47 testar (til og med i går), medan det førre veke vart gjennomført 267 og veka før heile 617, då i samband med utbrotet som starta onsdag før påske.