15. april: Oppdatering om koronasmitte

Kvam herad har torsdag fått melding om to ytterlegare tilfelle av koronasmitte i Kvam. Båe er nærkontaktar av tidlegare smitta, og var følgeleg i karantene.

Smitta vart i båe tilfelle påvist på den andre av to koronatestar, medan dei fyrste var negative.

Sidan 31. mars har det vorte påvist til saman 53 tilfelle av COVID-19 i vår kommune.