14. april: Oppdatering om koronasmitte

Alle som vart testa for koronasmitte i går, tysdag, har fått svar. To av dei har fått påvist koronasmitte. Dette var to nærkontaktar til tidlegare smittetilfelle, som tok andre test.

Begge hadde utvikla lette symptom frå før og var venta å testa positivt. Dei sit no i isolasjon. Ingen nye nærkontaktar er påvist i Kvam.

Sidan 31. mars har det vorte påvist til saman 51 tilfelle av COVID-19 i vår kommune.