11. april: Oppdatering om koronasmitte

Klikk for stort bilete Alle testar frå i går (laurdag 10.04.21) er analysert. Resultatet viser 3 forventa positive svar blant nærkontaktar av tidlegare smitta. Totalt 49 smitta sidan 31. mars.

Smittesporingsarbeidet er avslutta, og det er ikkje nye nærkontaktar. Gjeldande lokal forskrift skal vurderast på ny av kriseleiinga i møte i kveld.

Kvam herad minner om at det er viktig at folk testar seg ved symptom. Kommunen har eit eige telefonnummer for å avtala testing. Telefonen er open på vekedagar frå kl 08.30-16.00, nummer 468 04 366.