11. april 2021: Oppdatering om koronatiltak

Klikk for stort bileteKriseleiinga i Kvam herad har i møte i kveld vald å oppheva den lokale forskrifta frå midnatt. Dette vert gjort fordi heradet no opplever å ha oversikt over utbrotet som starta onsdag før påske.

Opphevinga inneber at det lokale smittevernregelverket fell bort, og at Kvam går attende til dei nasjonale tiltaka. Sjå oversikt over desse på regjeringen.no.

Endringa medfører mellom anna at skular, barnehagar, kulturskule og vaksenopplæring går attende til gult nivå. Det krev ein del omlegging, og difor varierer det kven som kan opna på gult nivå i morgon: 

  • Ålvik, Strandebarm og Tørvikbygd skular, samt Vaksenopplæringa er open, og elevane skal møta fysisk på skulen i morgon.
  • Øystese og Norheimsund skule, samt Kvam ungdomsskule har digitalundervisning for alle elevane i morgon 12. april. Frå tirsdag 13. april møter alle elevane på skulen.
  • Norheimsund friskule går over til gult nivå, og elevane møter fysisk, slik dei også har gjort i perioda med raudt nivå.
  • Barnehagane vil framleis vera på raudt nivå 12. april, med avgrensa opningstid, men er attende på gult nivå og med full opningstid på tysdag.

Elevar / foreldre får informasjon direkte frå skulen eller barnehagen.

At dei lokale reglane vert oppheva inneber også at museum, treningssenter, symjehallar m.m. kan opna igjen, innanfor dei smittevernreglane som gjeld i heile landet. Reglane for arrangement og aktivitetar vert også som på nasjonalt nivå.