10. april: Oppdatering om koronasmitte

Klikk for stort bileteKvam herad har laurdag morgon fått meldt eit nytt smittetilfelle, og er dermed oppe i 46 påviste tilfelle av COVID-19 sidan 31. mars. Smittesporingsarbeidet er i gang.

I går kveld vart det også meldt om eit tilfelle, og dette genererte fem nye nærkontaktar. Tilfellet frå i går har ei kopling til Norheimsund barnehage, som også tidlegare har vorte påverka av smitteutbrotet. Som eit ekstra tiltak vert det no gjennomført screening av tilsette i Kvam herad som har vore på jobb i barnehagen. Heile barnehagen vert òg desinfisert og vaska ned.

Kvam legevakt sitt telefonnummer for koronatestar - 468 04 366 - som normalt berre er ope på vekedagar vil vera open til kl. 15 laurdag.

Sjølv om tala på nye smittetilfelle har gått ned, minner Kvam om viktigheita av å følgja både lokale og nasjonale tiltak. Me oppmodar samstundes til å ta vare på kvarandre. Kjenner du nokon som har det tungt? Ta ein telefon til dei.