Den internasjonale frivilligheitsdagen

5. desember er FN sin internasjonale dag for frivilligheit. Me nyttar høve til å løfta fram tre av dei mange som gjer ein frivillig innsats i Kvam, som fortel om kva som motiverer dei til innsats. 

Johannes Børsheim har vore aktiv i det frivillige lenge, og er eit kjend ansikt frå både idrettslaget og det kristne ungdomsarbeidet i Strandebarm. Han har arbeidd med mange arrangement, leia treningar og vore med i styre og stell. No er han også vaktmeister for idrettslaget.

  

Kari Åsheim Valland har vore ein leiande figur for Grannehjelpa sine aktivitetar innan eldreomsorga i mange år, og er også kjend for mange som frivillig på Sjusete. Sjølv fortel ho at ho har drive med alt frå å vera kyrkjevert til dovasking, og at ho synest alt har vore like kjekt.

   

– Eg gjer alle moglege småting, frå å klippa plenen, til å klargjera ungdomshuset til arrangement, til vedlikehald og småreparasjonar, seier Asbjørn Augestad Ljones i Tørvikbygd ungdomslag.