Som ein del av satsinga på fritid for barn og unge arrangerer Kvam herad ein oppvekstkonferanse med fritid som tema 30. og 31. august 2023.
Med utgangspunkt i fritidserklæringa vår ynskjer me å uforska korleis me som lokalsamfunn kan leggja til rette for inkludering på fritidsarenaen i Kvam.
Den verdfulle fritida
- fritid som beskyttande faktor
Fagsamling for medlemer i ungdomsrådet, tilsette ulike tenester i kommunen, lærarar og elevar i grunnskulen og på vidaregåande, politietaten og politikarar
Øystese idrettshall onsdag 30. august kl 10 - 14
- Korleis kan me sørgja for at fritidsarenaen i Kvam er reelt tilgjengeleg for alle barn og unge?
Dette spørsmålet ynskjer me å utforska på fagsamlinga gjennom faglege innlegg og case-drøftingar. Føremålet med fagsamlinga er at tilsette i Kvam herad, lærarar og elevar i grunnskulen og vidaregåande skule og andre etatar som jobbar med barn og unge, skal få auka kompetanse om korleis ei inkluderande fritid kan førebyggja utanforskap. ALLEMED, Frivillighet Norge og vårt eige ungdomsråd skal bidra med faglege innlegg på samlinga.
Leo Ajkic
Saman for ei inkluderande fritid
Ope møte i Øystese idrettshall
Onsdag 30.august kl 18 - 20. Gratis inngang - ope for alle!
Program:
- Opning ved ungdomsrådet
- Føredrag og samtale med Leo Ajkic
- Paneldebatt
Gjennom si eiga historie og refleksjonar rundt inkludering vil Leo Ajkic mellom anna snakka om kor viktig det er at barn og unge vert sett som ressursar og får høyra til eit fellesskap. Scenesamtalen og panelsamtalen vil ta utgangspunkt i tema som har kome fram i innspel og samtalar med ungdomar i Kvam.
Kvam ungdomsråd 2022 -23
___________
Fritidsmesse for elevar
Øystese idrettshall, torsdag 31. august kl 10 - 13
Elevar frå 7. til 10. trinn får kvart år høve til å koma på fritidsmesse i skuletida. På messa har representantar for fritidsaktørane i Kvam stands der dei informerer om tilboda og aktivitetane sine. Elevar frå vidaregåande skule er også hjarteleg velkomne!
___________
Fritidsmesse for alle
Øystese idrettshall, torsdag 31. august kl 17:30 - 18:30
Foreldre og alle andre interesserte er velkomne til å oppleva mangfaldet av fritidstilbod for barn og unge i Kvam.
Glimt frå fritidsmessa 2022
Oversikt over alle fritidstilbydarane som kjem:
Kulturskulen |
ungdomskoret |
Origo |
Øystese fotball |
Skøyteklubben |
Hardangerbadet |
Kabuso |
ØIL |
Strandebarm IL |
Kvam bordtennis |
Norheimsund fotball |
Karateklubben |
Klatreklubben |
Kvam E - sport |
Kvam jeger og fisk |
Rossvoll volleyball |
Fartøyvernsenteret |
Norheimsund skulemusikk |
Kvam LSK |
Skateparken |
Basen |
Hardanger trening |
Norheimsund fotball |
Attrå |
Krik |
*Med atterhald om evt. endringar
___________
God inkluderingspraksis på fritidsarenaen i Kvam
Samling for fritidsaktørar
Øystese idrettshall, torsdag 31.august kl 18:30 - 21
Me vil feira dei gode fritidsaktørane i kommunen vår!
Under samlinga vert det vert det fagleg inspirasjon, middag og mingling.
___________
Fritidsdagar
Fredag 1. - søndag 3. september
Fritidsmessa held fram ulike stader i kommunen gjennom helga. Klubbar, lag og andre aktørar tilbyd aktivitetar på sin heimebane rundt i kommunen.
Test ut kva for ein fritidsaktivitet som høver best for deg!
Gratis - for alle!
Program fredag, laurdag og søndag
kl 19.30-22.30 Origo ungdomsklubb Tacofredag, kafè og konkurransar
Stad: Øystese bedehus, Ingebrigt Vik-vegen 22
kl 18-20 Hardangerbadet Ungdomsbading
Stad: Hardangerbadet, Hardangerfjordvegen 615, Øystese
kl 18.30-20 Hardanger bordtennisklubb Open hall: Alle er velkomne til å prøva bordtennis!
Stad: Bordtennishall, Dalatunvegen 40, Steinsdalen
kl 19-22:30 Ålvik ungdomsklubb Ope hus. Sal av brus og snacks. Frå 8. klasse og oppover
Stad: Folkets Hus, Trånavegen 44, Ålvik
kl 10 - 16 Hardanger Fartøyvernsenter Open dag med familieaktivitetar
Stad: Sandvenvegen 50, Norheimsund
kl 12 - 14 Øystese fotballklubb Løkkefotball for spelarar i alle aldrar og på alle nivå
Stad: Fotballbana i Øystese
kl 13 - 17 Kvam E- sport Open dag
Stad: Nedre Vik 4, Øystese
kl 15 - 17 Ålvik skatepark Open dag: Kom og opplev Ålvik skatepark! Me har utlånsbrett ein kan prøva. NB: På eige ansvar. Vert avlyst dersom det regnar.
Stad: Ålvikvegen 1128, Ålvik
kl 12 - 14 Norheimsund fotballklubb Løkkefotball for spelarar i alle aldrar og på alle nivå
Stad: Fotballbana i Norheimsund, Haugamyrvegen 90
kl 13 - 15 Sjøaktiv Strandebarm (SIL) Open dag: Kom og opplev vassaktivitetar med kajakk, SUP og kano (me har også barnekajakkar).
Stad: Tangeråsneset 60, Strandebarm.
kl 13 - 15 Kunsthuset Kabuso Familieverkstad
Stad: Hardangerfjordvegen 626, Øystese
kl 17 - 20 Hardanger trening Tren i treningsrommet og delta på
gruppetimar kl 19.00. Stad: Gamle Dalavegen 9 Norheimsund
kl 17 - 19 Kvam kulturskule Ope hus: Prøv eit instrument og bli med på ein workshop. Enkel servering.
Stad: Sandvenvegen 18, Norheimsund.
kl 17:30 - 19 Hardanger bordtennisklubb Open hall: Alle er velkomne til å prøva bordtennis! Sal av vafler, kaffi, brus.
Stad: Hardanger Bordtennishall, Dalatunvegen 40, Steinsdalen
______________
Ekstra!
Måndag 4. september kl. 19.30 - 21.30
Øystese og Norheimsund ungdomskor
Velkomen til korøving i Øystese bedehus! Song, musikk og sosialt