Ung Fritid - sommaren 2022

Klikk for stort bileteUng Fritid er Kvam herad sitt gratis aktivitetstilbod til barn og unge i alderen 11 - 18 år, i samband med skuleferiar. Her finn du programmet for sommaren 2022.

Tilbodet skjer i delar av skulen sine feriar (vinter, sommar, haust), gratis og ope for alle i aldersgruppa (dei som er fødd mellom 2004 og 2012). 

Det er Utekontakten som har ansvar for planlegging og gjennomføring av tilbodet, i samarbeid med kultur-/fritidsavdelinga og Grannehjelpa. Hardanger Fartøyvernsenter og Lions er viktige samarbeidspartnarar i sommar. 

Foreldre / føresette kan melda på sine born ved hjelp av eit digitalt påmeldingsskjema. Skjemaet krev innlogging gjennom ID-porten (til dømes med bankID). 

På dei fleste aktivitetane er det avgrensa tal plassar, og påmelding etter «fyrstemann til mølla»-prinsippet. Ved problem med påmelding, dersom du ikkje har tilgang til bankID eller dersom du har spørsmål, ta kontakt med Siriann Lillevik i Kvam herad, på tlf. 977 28 718.

OBS: Svar ang. påmelding vert sendt ut (seinast) 3 dagar før aktiviteten. Svar kan hamna i søppelpost, så hugs på å sjekka denne. Ung Fritid har ferie i veke 28-31 og det vert ikkje sendt ut svar i den perioda.

Program for sommaren 2022

Veke 26 (frå 27. juni)

Måndag 27. juni
kl. 1400 - 1930: Lanparty – Mini for dei yngste

Lanparty for dei som er fødd i 2012 eller tidlegare. Ta med eige utstyr (PC og alle naudsynte kablar, ekstra lange) og bli med og spel! Det vert servert enkel mat og drikke. Ta gjerne med noko «digg» sjølv. Oppmøtestad: Kvam ungdomsskule.

kl. 2000 - 0800 (tysdag): Lanparty 

Lanparty for dei som er fødd i 2009 eller tidlegare. Ta med eige utstyr (PC og alle naudsynte kablar, ekstra lange) og bli med og spel! Det vert servert enkel mat og drikke. Ta gjerne med noko «digg» sjølv. Oppmøtestad: Kvam ungdomsskule.

Tysdag 28. juni
kl. 1700 - 1900: Paintball

Fana paintball tek turen til «gamle skytebanen» i Tolomarka der det vert paintball og god stemning. Servering av saft og kjeks. Hugs å kle dykk etter forholda, viktig med gode vasstette sko. Tilbodet er til dei som er fødd i 2010 eller tidlegare. Oppmøtestad: Tolomarka. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.

kl. 1930 - 2130: Paintball

Fana paintball tek turen til «gamle skytebanen» i Tolomarka der det vert paintball og god stemning. Servering av saft og kjeks. Hugs å kle dykk etter forholda, viktig med gode vasstette sko. Tilbodet er til dei som er fødd i 2010 eller tidlegare. Oppmøtestad: Tolomarka. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.

Onsdag 29. juni 
kl. 1100 - 1600: Rugbykurs

Rugbykurs over to dagar (onsdag og torsdag). For dei fødd 2012 eller tidlegare. Oppmøtestad: Øystese skule.

Torsdag 30. juni 

kl. 1100 - 1600: Rugbykurs

Rugbykurs over to dagar (onsdag og torsdag). For dei fødd 2012 eller tidlegare. Oppmøtestad: Øystese skule.

kl. 1100 - 1500: Kreativ dag på Kabuso (programendring)

Temaet for den kreative dagen er fly og kommunikasjon. Me skal lage ulike formar for drakar. Her kan ein både utforske det tekniske (kva skal til for at den kan fly) og det visuelle (korleis skal den sjå ut, kva vil me pynte med). For dei fødd 2012 eller tidlegare. Oppmøtestad: Kabuso. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.

Veke 27 (frå 4. juli)

Måndag 4. juli
kl. 1000 - 1600: Familietur med Mathilde

Båttur på fjorden inkl. lunsj, for heile familien (inga nedre aldersgrense, men deltaking saman med foreldre / føresette). Oppmøte: Hardanger fartøyvernsenter. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.

Tysdag 5. juli
kl. 1000 - 1600: Sigetur med Mathilde for ungdomar

Sigetur på fjorden inkl. lunsj, for dei fødd i 2012 eller tidlegare. Oppmøte: Hardanger fartøyvernsenter. 

Onsdag 6. juli
kl. 1030 - 1730: Høgt og lågt klatrepark på Nesttun

Klatrepark med 115 element og 23 zip-lines. Ti forskjellige hinderløyper med ulik lengde og vanskelegheitsgrad. Felles lunsj før heimreise. For dei fødd i 2012 eller tidlegare. Oppmøte ved bedehuset i Norheimsund. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.

kl. 1000 - 1600: Familietur med Mathilde

Sigetur på fjorden inkl. lunsj, for heile familien (inga nedre aldersgrense, men deltaking saman med foreldre / føresette). Oppmøte: Hardanger fartøyvernsenter. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.

Torsdag 7. juli

kl. 1000 - fredag 1400: Ungdomstur med Mathilde, med overnatting

Tur med Mathilde, med overnatting. For dei fødd frå 2004 til 2008. Oppmøte: Hardanger fartøyvernsenter.

Veke 32 (frå 9. august)

Tysdag 9. august kl. 10 - fredag 12. august kl. 16
Tur til Trøastølen (ungdomsleir på Hardangervidda)

Friluftsleir for deg mellom 12 og 18 år.  Pakkeliste og meir info får ein ved påmelding. Arrangør er Lions Club Norheimsund, Kvam herad og Grannehjelpa. For dei fødd frå 2004 til 2009.

Tysdag 9. august

kl. 1030 - 1700: Tur til Flipzone trampolinepark i Bergen

Aktivitetssenter med trampoliner, foam pit, hinderløyper, slengdisse, Total Wipeout–og gladiatorleikar. Felles lunsj før heimreise. For dei fødd i 2012 eller tidlegare. Oppmøte ved bedehuset i Norheimsund. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.

Onsdag 10. august
kl. 1700 - 1900: Paintball

Fana paintball tek turen til «gamle skytebanen» i Tolomarka der det vert paintball og god stemning. Servering av saft og kjeks. Hugs å kle dykk etter forholda, viktig med gode vasstette sko. Tilbodet er til dei som er fødd i 2010 eller tidlegare. Oppmøtestad: Tolomarka.

kl. 1930 - 2130: Paintball

Fana paintball tek turen til «gamle skytebanen» i Tolomarka der det vert paintball og god stemning. Servering av saft og kjeks. Hugs å kle dykk etter forholda, viktig med gode vasstette sko. Tilbodet er til dei som er fødd i 2010 eller tidlegare. Oppmøtestad: Tolomarka.

Torsdag 11. august
kl. 1030 - 1730: Eventyrspelet / rollespelet «Det store slaget i Ålvik».

Eventyrspel / levande rollespel (LARP) der du kan spela forskjellige skapningar. Kanskje har du alltid hatt lyst å utforska din indre alv? Eller kanskje ein slu ork, som elsker sverdkamp? Det finst mange ulike skapningar som høyer til i forskjellige grupperingar. Gjennom desse forsøker ein å nå måla sine, anten gjennom diplomati eller ved kamp. For dei fødd i 2012 eller tidlegare. Oppmøte ved bedehuset i Norheimsund.

Fredag 12. august
kl. 0930 - 1800: Familietur til Mikkelparken

For heile familien. Ta med badeklede, handkle og ekstra klede til borna. Alle må syta for eigen mat. Inga nedre aldersgrense, men deltaking saman med foreldre / føresette. Oppmøte: Busshaldeplassen i Norheimsund. AKTIVITETEN ER FULLBOOKA.