Ung Fritid - sommar 2021

Klikk for stort bileteNo er programmet og påmelding til Ung Fritid endeleg klårt for sommaren 2021. I år vert tilbodet meir omfattande enn vanleg, med mange ulike aktivitetar og kurs. 

Generell informasjon

Tilboda i Ung Fritid sommaren 2021 gjeld for born og unge i Kvam som er fødd mellom 2003 og 2011. Når det i aktivitetstilboda vert synt til klassetrinn, viser det til klassetrinnet våren 2021. Tilboda er for det mest inndelt i ulike trinn, men nokre er opne for alle. 

Alle tilboda er gratis. 

Retting: I kalenderen i den trykte brosjyra står det at trialsykling for 4. - 7. trinn går av stabelen 5. juli. Riktig dato er 6. juli. Det er også denne datoen som har stått i påmeldingsskjema og her på nettsidene. 

Endringar: Ved svært stor pågang kan det verta gjort endringar for å kunna tilby kurs til fleire. Det er difor viktig å fylgja med på nettsidene: 

  • Grunna stor pågang vert trialkurs 9. august delt i to. 4. - 7. trinn vert frå 10 - 13, 8. trinn og oppover frå 13.30 til 16.30. 

Transport: Dersom det ikkje fins andre moglegheiter for transport til kurs eller aktivitet, kan ein gje beskjed om dette ved påmelding. Transportbehovet vil verta vurdert og transport eventuelt organisert ut frå dialog i etterkant av påmeldinga.

Påmelding: Du bruker det digitale påmeldingsskjemaet for å melda på ditt born / din ungdom. Dette gjeld likevel ikkje for Forskarfabrikken, der påmelding skjer på deira eigne nettsider, forskerfabrikken.no. Dersom du ikkje har tilgang på BankID eller tilsvarande, ta kontakt på tlf. 995 14 810 (kvardagar, 9 - 16). 

Påmeldinga er open fram til tre dagar før aktiviteten / kurset, men det er avgrensa med plassar på dei ulike tilboda. 

Smittevern: Ung Fritid vil følgja dei smittevernreglane som gjeld til ei kvar tid. Kvam herad tek difor også atterhald om endring i kurs og aktivitetar som fylgje av smittesituasjonen.

Program

Veke 25 (21. - 25. juni)

Veke 26 (28. juni - 2. juli)

Veke 27 (5. juli - 9. juli)

Veke 31 (2. august - 6. august)

Veke 32 (9. - 13. august)

Charlotte Fuglø Sandvik
Aktivitetskoordinator, Ung Fritid
E-post