Ung Fritid, ferieaktivitetar for barn og unge, 11 - 18 år

Klikk for stort bileteUng Fritid er eit samarbeid mellom Kvam herad, Grannehjelpa og lokale frivillige lag og organisasjonar. No er programmet for veke 33 klart.
 

Følg med på Ung Fritid på Facebook og her på kvam.no.

 

Programmet for veke 33 - 10. - 14. august 2020 finn du her (PDF, 2 MB)

Påmelding må gjerast seinast tre dagar før arrangementet ein vil delta på. Alle aktivitetane er gratis. Du får svar på om du har fått plass i løpet av veke 32.  


Foreldre kan melda sine born på via denne lenka: https://www.kvam.no/sd/skjema/KKO096/. Det krev innlogging med via ID-porten, til dømes med BankID. Ved problem med påmelding, dersom du ikkje har tilgang til Bank-ID eller om du har spørsmål, ta kontakt med Siriann Lillevik i Kvam herad, tlf 977 28 718.

OBS: Me fylgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner ifth til smittevern. Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje vera med sjølv om du har meld deg på. Vask henda før du kjem.