Tilskot til friluftsområde/nærmiljøtiltak 2019

Klikk for stort bilete hamxx005 / Pixabay    Kvam herad lyser ut tilskotsmidlar med ny søknadsfrist 18. oktober 2019, under ordninga friluftsområde/nærmiljøområde.

Lag (med organisasjonsnummer) i Kvam som har gjennomført eller planlegg nye prosjekt i 2019 kan søkja. Prosjekt som ikkje tidlegare har søkt og fått tilskot i 2019 vert prioritert. Det er ikkje eige søknadsskjema, men søknaden må innehalda prosjektbeskriving, kostnads- og finansieringsplan, og merkjast med saksnummer 19/1280. 
 
Føremål og retningsliner er tilsvarande som for tilskotet med søknadfrist 1. mars kvart år, sjå sida om dette. Ta kontakt med kulturkontoret ved Mary Ann Sørheim  om de har spørsmål (tlf. 56 55 69 06/  954 07 710, e-post: mars@kvam.kommune.no). 

Kontaktinfo

Mary Ann Sørheim
Kulturkonsulent og kinosjef
E-post
Telefon 56 55 69 06
Mobil 954 07 710