Sommarope legekontor på Toloheimen

Felles legekontor på Toloheimen i veke 29 og 30 i sommar. 

Bilde av Toloheimen - Klikk for stort bileteBilde av Toloheimen Tore Skeie

 

Fastlegane pleier kvar sommar vikariere for kvarandre i ferieavviklinga. Dette er også tilfelle i år. For at ferieavviklinga ved legekontora i kommunen skal kunna avviklast over eit kortare tidsrom (6 veker mot tidlegare år 8 veker) blir det i år prøvd ut ei løysing med felles legekontor på Toloheimen to veker midt på sommaren (veke 29 og 30). I desse to vekene er Norheimsund legesenter, Helsebanken legekontor, Ålvik legekontor og Strandebarm legekontor stengt. Legen du kjem til, vil som før kunne ha tilgang til din journal dersom dette er naudsynt for å hjelpe deg. Dette gjeld også dei to vekene fastlegetenesta er lokalisert på Toloheimen.

 

Sommarope legekontor vert lokalisert i Kvam legevakt sine lokale på Toloheimen. Opningstida er kvardager kl. 0800 – 1530. Det vil vera 3 legar tilgjengeleg på jobb i kvar av desse to vekene. Det vil også vere tilgjengeleg laboratorie og laboratoriepersonell, med same moglegheit for blodprøvetaking som på fastlegekontora.

 

Telefonnr. til legekontoret på Toloheimen er: 48 17 30 31

 

Dersom du treng å fornya reseptar før ferien oppmodar vi om at du gjer dette i god tid før ferieavviklinga tek til. I dei to vekene fastlegekontora i Kvam er stengt,  vil legane hovudsakleg ta i mot akutte problemstillingar. Også ved andre problemstillingar som ikkje er akutte, men som ikkje kan vente til fastlegekontora opnar i veke 31, vil du få hjelp ved sommarope legekontor på Toloheimen. Dersom du veit at problemstillinga kan vente til veke 31, skal du kontakte fastlegekontoret når det opnar att. Er du i tvil om problemstillinga kan vente, skal du kontakte sommarope legekontor på Toloheimen i veke 29 og veke 30.