Søknadsfrist for spelemidlar: 1. november

Klikk for stort bileteKommuner, idrettslag og andre sammanslutningar kan søkja om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlane skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å driva idrett og fysisk aktivitet. 

Kva kan du søkja om?

  • Nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett.
  • Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktiviteter i tilknytning til buområder)

Målgruppe

  • Kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap (med idrett som føremål) kan søkja om spelemidlar.
  • Vellag og burettslag kan søkja om nærmiljøanlegg.

Søknadsfrist

Ny søknadsfrist er sett for 2019: 1. november 2019. 

Søknadsskjema

anleggsregisteret.no finn du fyldig informasjon om tilskotsordninga. Her finn du og nødvendig informasjon om prosedyrar, regelverk og vilkår for å kunne få tilskot  

Døme på informasjon du finn der:

  • Vilkår og krav til søknaden
  • Søknadsprosessen
  • Søknadsskjema
  • Dokumentasjonskrav
  • Vedleggsmalar
  • med meir

Sjå også informasjon om desse tilskota på regjeringen.no (PDF-format).

Sakshandsaming

Søknaden vert sendt elektronisk til kommunen, som går gjennom søknaden og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer i form av eit politisk vedtak. Søknadane vert sendt vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen henter inn dei opplysningane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter vert det fatta eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Vis grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å retta deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Dersom de skal i gang med ny søknad, ta kontakt med Kvam herad fyrst (sjå kontaktopplysningar til høgre).

Klage

Du kan klaga til fylkeskommunen innan tre veker frå motteke vedtak. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Vis du treng rettleiing, kan du spørja kommunen eller fylkeskommunen. Opprettheld fylkeskommunen si avgjera, vert saka sendt vidare til Kulturdepartementet, som avgjer om klagen skal takasts til følgje.

Kontaktinfo

Reidun Braut Kjosås
Rådgjevar folkehelse, idrett og friluftsliv
E-post
Telefon 56 55 68 68
Mobil 917 37 515
Jon Nedkvitne
Sjef samfunn, næring og kultur
E-post
Telefon 56 55 30 21
Mobil 979 53 274