Søk barnehageplass no!

Søknadsfrist til hovudopptaket for barnehagane i 2019 er 1.februar 2019.

Alle barn som er fødd før 01.12.18 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 07.08.2019 eller den månaden dei fyller 1 år, når det er søkt om plass innan søknadsfristen. Bruk digitalt søknadsskjema.

Kvam Herad har ikkje opptak i januar. Det betyr at dei som må ha plass frå januar 2020, bør takka ja til barnehageplass frå august 2019, eller den månaden barnet fyller 1 år.

Barnehagesøknad føregår elektronisk, og søknadsskjema ligg på heimesida til Kvam herad, samt på heimesidene til alle barnehagane. I Kvam Herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på epost, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett epost-adresse. Søk i vår digitale søknadssenter: www.kvam.no

Til orientering når du skal søkja

  • Du treng ikkje å logga inn for å søkja plass, men du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller ID-nummer.
  • Du må vera innlogga for å:
    - endra/sletta søknad
    - følgja saksgang på søknad
    - svara på tilbod

Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides).

Søknaden kan ikkje endrast i februar, medan barnehagane jobbar med opptaket. Har du likevel behov for endring, ta kontakt med Heidi Milje på e-post hemi@kvam.kommune.no.

Barnehagar i Kvam frå august 2019:

Tilbod om plass vert sendt ut siste halvdel av februar 2019.

Har de spørsmål knytt til dei ulike barnehagane, kontakt styrar i aktuell barnehage.

For spørsmål knytt til søknad og opptaksprosess, kontakt Heidi Milje, 56 55 30 79.

For andre spørsmål, kontakt leiar for barnehage/skule i Kvam, Beate Gauden 905 91 182.

Kontaktinfo

Beate Gauden
Leiar for barnehage og skule
E-post
Telefon 56 55 30 58
Mobil 905 91 182