Barnehage
Alle barn som er fødd før 01.12.20 har lovfesta rett på barnehageplass frå og medaugust 2021 eller den månaden dei fyller 1 år, når det er søkt om plass innan søknadsfristen.
Kvam herad har ikkje opptak i januar. Det betyr at dei som må ha plass frå januar 2021, bør takka ja til barnehageplass frå august 2021, eller den månaden barnet fyller 1 år.
Dersom det er ynskjeleg med oppstart januar 2022, venlegst skriv dette i merknadsfeltet. Kvam herad vil prøva å etterkoma ynskjet, dersom det let seg gjera ut frå ei samla vurdering av bemanning og organisering i barnehagen.
Barnehagesøknad føregår elektronisk, og søknadsskjemaet ligg på heimesida til Kvam herad, samt på heimesidene til alle barnehagane. I Kvam herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på epost, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett epost-adresse.
Til orientering når du skal søkja
Du treng ikkje å logga inn for å søkja plass, men du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller ID-nummer.
Du må vera innlogga for å:
- endra/sletta søknad
- følgja saksgang på søknad
- svara på tilbod
Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides).
Søknaden kan ikkje endrast i februar, medan barnehagane jobbar med opptaket. Har du likevel behov for endring, ta kontakt med Heidi Milje på e-post hemi@kvam.kommune.no.
Barnehagar i Kvam frå august 2021:
- Strandebarm barnehage, styrar Marit Linga, tlf. 952 16 540
- Tørvikbygd barnehage, styrar Grete Lill Bråten, tlf. 996 10 450
- Norheimsund barnehage, styrar Egil Rasch-Halvorsen, tlf. 986 30 242
- Øystese barnehage - Bjørketeigen, styrar Ann-Kristin Strømme Bråten, tlf. 930 97 710
- Øystese barnehage - Sjydnahaugen, styrar Torunn Agnete Sørheim, tlf. 917 32 687
- Ålvik barnehage, styrar Hanne Jørgensen, tlf. 404 66 963
- Sandven FUS barnehage (privat), Norheimsund, styrar Anette Berg Leiren, tlf. 958 90 138
Tilbod om plass vert sendt ut siste halvdel av februar 2021.
Har de spørsmål knytt til dei ulike barnehagane, kontakt styraren i den aktuelle barnehagen. For spørsmål nytt til søknad og opptaksprosess, kontakt Heidi Milje, tlf. 56 55 30 79.
For andre spørsmål, kontakt leiar for barnehage/skule i Kvam, Inga Lill Jensen Tolo, tlf. 951 19 865.
SFO
Tilbodet på 5-7 trinn for barn med spesielle behov skal vere gratis. Det vert krevd betaling for kost.
Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og skal derfor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsstad for barna etter skuletid. På SFO skal barna få omsorg og tilsyn og det skal vera lagt til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar.
Vil du vita meir? Sjå retningsliner for SFO i Kvam herad (PDF).
Tildeling av plass i SFO skjer etter søknad. Søknad om SFO plass føregår elektronisk, og søknadsskjemaet ligg på heimesida til Kvam herad, samt på heimesidene til skulane.
I Kvam herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på epost, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett epost-adresse.
Til orientering når du skal søkja
Du treng ikkje å logga inn for å søkja plass, men du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller ID-nummer.
Du må vera innlogga for å:
- endra / sletta søknad
- følgja saksgang på søknad
- svara på tilbod
Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides).
Kvar skule kan gje nærare informasjon om SFO.
For informasjon om pris, sjå oversikten over kommunale gebyr og prisar. Har du låg inntekt? Då kan du har rett på redusert foreldrebetaling.