Siste frist for HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 eller seinare

Faksimile frå ein animasjonsvideo om HPV frå Folkehelseinstituttet - Klikk for stort bileteFaksimile frå ein animasjonsvideo om HPV frå Folkehelseinstituttet Desember 2018 er siste frist for unge kvinner som ynskjer å starta gratis HPV-vaksinasjon.

Vaksina mot humant papillomavirus (HPV-vaksina) vert tilrådd for unge kvinner fødde i 1991 eller seinare, fordi ho førebyggjer livmorskreft og annan HPV-relatert kreft. 

HPV-vaksinasjon består av tre vaksinedoser over 6 - 12 månader. Dei som er i gang med vaksinasjon innan utgangen av desember 2018 kan fullføra vaksinasjonen innan utgangen av juni 2019. 

Fakta om HPV og HPV-vaksine

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, og oftast i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg, og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til kreft. 

Livmorshalskreft er den vanlegaste formen for HPV-relatert kreft. Kvart år får om lag 350 kvinner i Noreg livmorhalskreft, og 60 - 100 dør av sjukdommen. Vaksina kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt. HPV-vaksine vert tilrådd uavhengig av om ein har hatt ingen, ein eller fleire partnarar. Vaksina - som heiter Cervarix - er godkjent etter grundig vurdering av effekt og biverknader. Du kan finna meir informasjon på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk.

Vaksinering i Kvam

I Kvam er det opent for HPV-vaksinering kvar torsdag på helsestasjon for ungdom ved Norheimsund helsestasjon (Sandvenvegen 35), mellom kl. 14.30 og 16.30. Du kan kome der utan å ha tinga time.

Sjå informasjonsfilm frå Folkehelseinstituttet nedanfor: