Regjeringa lettar på tiltaka

Klikk for stort bileteDet er framleis trong for nasjonale tiltak, og det vert venta høge smittetal i vekene som kjem. Regjeringa har likevel konkludert med at tiltaka kan lettast frå natt til fredag 14. januar og natt til laurdag 15. januar. Det er eit mål med færrast mogleg tiltak retta mot born og unge.

Kriseleiinga i Kvam har hatt møte fredag morgon, 14. januar, og har konkludert med at det ikkje er behov for lokale tiltak. Det vil seia at det vert grønt nivå i skular og barnehagar frå måndag. Det gjeld også vidaregåande skule.

Dette er dei nasjonale tiltaka

Gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytta til barnehagar, skular og SFO gjeld frå natt til laurdag 15. januar, og i praksis altså frå 17. januar. 

Generelle smittevernråd

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg. Du finn meir informasjon om vaksinering i Kvam på www.kvam.no/vaksine/
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom

Avstand og sosial kontakt

  • Alle vert rådd til å halda 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemer og tilsvarende nære
  • Tilrådinga om 1 meters avstand gjeld ikkje for born i barnehage og barneskule
  • Tilrådinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med born, unge og sårbare grupper
  • Alle bør tenkja gjennom kor mange nærkontaktar dei har samla sett
  • Tilråding om å redusera talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg
  • Du bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime ut over eigen husstand.
  • Barnehageborn og barneskulelevar (eigen kohort) er unnateke tilrådinga om antallsavgrensing
  • Det vert tilrådd god ventilasjon / lufting i situasjonar der ein oppheld seg med personar som ikkje er hustandsmedlemer eller tilsvarande nære
  • Tilråding om å treffa andre utandørs når det er mogleg
  • Tilråding om å unngå handhelsing
  • Personer med risiko for alvorleg sjukdomsforløp bør skjerma seg, blant anna gjennom å vera særleg forsiktige med, eller unngå, store forsamlingar og samlingar på serveringsstader der det erfaringsmessig vert vanskeleg å halda avstand, samt reiser til områder med mykje smitte, dersom dei ikkje er naudsynte. Denne gruppa bør likevel ikkje isolera seg. Noko sosial kontakt er viktig.
  • Tilråding om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halda minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld også for tilsette, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierer.
  • Det er ikkje krav til munnbind medan du sit ved eit bord på serveringsstad.

Organiserte idretts- og fritidsaktiviteter

  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast så langt det er mogleg.

Born og unge under 20 år:

  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast som normalt
  • Tilrådd grupperstorleik innandørs omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort
  • Aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er naudsynt

Vaksne over 20 år:

  • Innandørs er det tilrådd maks. 20 personar og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør det tilretteleggast for 2 meters avstand
  • Vaksne kan utøva aktivitet utendørs som normalt, med kontakt der det er naudsynt
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt, med smitteverntiltak.

Barnehagar, skuler og SFO

  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO.
  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på raudt i vidaregåande skular
  • Framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Nasjonal tilråding om gult nivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular der smittesituasjonen lokalt tilseier det, men kommunane må gjera eigne vurderingar etter den lokale situasjonen.
  • Nasjonal tliråding om grønt nivå i vidaregåande skular og i vaksenopplæring, men kommunane må gjera eigne vurderingar etter den lokale situasjonen.
  • Jamnleg testing i skuler og barnehagar skal i større grad nyttast i område med høgt smittetrykk.
  • Kommunane vert bedt om å følgja utviklinga i smittesituasjonen og justera tiltaksnivået i tråd med utviklinga. Barnehagar og skular må vera budd på rask overgang til strengare tiltaksnivå.

Høgare utdanning

  • Framleis krav om smittevernfagleg forsvarlig drift
  • Høgskular, universitet og fagskular vert tilrådd å tilrettelegga for meir fysisk undervisning.
  • Det vert føresett at generelle smittevernråd vert fulgt: lufting, avstand og ver heime ved symptom.
  • Føresett at det er tilstrekkeleg testkapasitet, vert det tilrådd å leggja til rette for jamnleg testing av studentar. Testar bør utdelast til studentar og det bør vera enkel tilgang til testar på campus.
  • Mindre grupper/oppgåveløysing/seminar i klasserom bør avgrensast til maks. 30 personar med 1 meters avstand. Avstandstilrådingar kan fråvikast der det er naudsynt for gjennomføringa av undervisning.
  • For undervisning i større auditorium gjeld antallsavgrensinga for offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar, og krava i smittevernfagleg forsvarleg drift.

Arbeidsliv

  • Påbod om at arbeidsgievarar syter for at tilsette arbeider heimfrå dersom dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og naudsynt verksemd på arbeidsplassen, blant anna verksemd for å ivareta born og sårbare grupper.
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføra naudsynte og lovpålagte oppgåver i møte med sårbare grupper og born og unge.
  • Tilråding om 1 meters avstand
  • Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halda avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierer som bruk av skiljeveggar eller liknande.
  • Påbod om å bruka munnbind gjeld i nokre publikumsretta delar av arbeidslivet. Sjå omtaler nedanfor under "Munnbind".
  • Det vert tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er hustandsmedlemmer og tilsvarande nære. 

Arrangement og samankomster

  • Det vert stilt krav til smittevern, avstand og munnbind.
  • Avgrens sosiale samankomster og arrangement du deltek på
  • Private arrangement/samankomster på offentleg stad, leigde/lånte lokale:
    Innandørs: Maks 30 personar, maks 50 personar ved minnestund.
    Utandørs: Maks 50 personar.
    Munnbindpåbod for publikum innandørs.
  • Offentlege arrangement innandørs:
    Utan faste tilviste plassar: Maks 30 personar.
    Med faste tilviste plassar: Maks 200 personar.
    Munnbindpåbod for publikum.
  • Inga tilråding om å utsetta eller avlysa arrangement innandørs knytt til organiserte fritidsaktivitetar som samlar born og unge under 20 år frå ulike stader.
  • For lagidrettar vert det berre tilrådd enkeltvise kamper, og ikkje turneringar, cupar o.l. For individuelle idrettar vert det tilrådd å avgrensa gruppestorleiken på konkurransane.
  • Utøvarane og eventuelt støttepersonell ved innandørs offentlege kultur- eller idrettsarrangement der born og unge under 20 år utøver aktiviteten, vert ikkje rekna med i det totale talet på personar som kan vera til stades på arrangementet.
  • Det er unntak frå avstandskravet for utøvarane på innandørs kultur- og idrettsarrangement.
  • Utandørs arrangement tilknytt organiserte kultur-, idrett- og fritidsaktivitetar for born og unge under 20 kan skje uten avgrensing i talet på deltakarar og med det naudsynte talet på vaksne. Dersom det er fleire enn 100 personar til stades, skal det ikkje tilretteleggast for publikumsområde eller bruk av innandørs fasilitetar med unntak av toalettfasilitetar.

Kollektivtransport

  • Tilråding om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel.
  • Krav om munnbind dersom du  ikkje kan halde 1 meters avstand.
  • I taxi er det påbod om bruk av munnbind for både passasjer og sjåfør.

Serveringsstader

  • Skjenkestopp frå klokka 23.00 på stader med skjenkeløyve, og ein må seinast klokken 23.30 slutta å drikka alkohol på skjenkestaden.
  • Skjenking skal skje ved borda.
  • Serveringsstaden skal syta for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Krav om munnbind der det ikkje er mogleg å halda meteren, med mindre du sit ved bordet.
  • Plikt til å registrera gjestar som samtykker til det.

Karantene og testing

  • Nærkontaktar som er hustandsmedlem eller tilsvarande nær den smitta skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt.
  • Desse skal så snart som mogleg testa seg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller PCR-test. Ved negativt testresultat frå slik test tatt tidligst 7 døgn etter nærkontakten kan karantena avsluttast.
  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader.
  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som fekk oppfriskningsdose minst 1 veke før nærkontakten, og som testar seg dagleg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller annenkvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakten.
  • I tillegg gjeld enkelte særskilte unntak for blant anna nøkkelpersonell i kritiske samfunnsfunksjonar.

    Øvrige nærkontakter har ikkje karanteneplikt, men vert tilrådd å testa seg 3 dager etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5). Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar. Ved symptom: Vert verande heime og test deg. 

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Smittevernfagleg forsvarleg drift inneber krav om å syta for at det er mogleg å halda minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutiner for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skuler og annan opplærings- og utdanningsverksemd.
  • Fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande skal halde stengt
  • Treningssentre, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, bowlinghallar og liknande kan halda opent for maks 20 personer ved innendørs gruppetrening. Når det gjeld å halda ope for individuell trening, sjå Helsedirektoratet sine nettsider.
  • Følgande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunna holde ope: Bibliotek, bowlinghallar, museer, bingohallar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssentre, kjøpesentre, butikkar, varemesser, mellombels marknader og liknande. For meir informasjon, sjå Helsedirektoratet sine nettsider
  • Med unntak av bibliotek, museer, butikkar og kjøpesentre skal verksemdene registrera kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det.
  • Bransjerettleiarar bør overhaldast for mellom anna treningssentre og symjehallar. Det tyder i praksis at det blir strengare krav til smittevern.

Innreise – ankomst Norge

  • Alle reisande må i utgangspunktet registrera seg før ankomst til Noreg.
  • Alle reisande må i utgangspunktet testa seg ved ankomst til Noreg.
  • Reisande som ikkje kan dokumentera med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19 dei siste 6 månadene, må i utgangspunktet i tillegg testa seg før avreisa til Noreg.
  • Reisande som kjem frå eit land med karanteneplikt og som ikkje kan dokumentera med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 6 månadene, må i utgangspunktet i innreisekarantene.
  • Les mer om innreisereglar på helsenorge.no