Planstrategi 2020 -2023

Klikk for stort bileteKva planar bør Kvam herad utvikla dei neste åra? No er utkast til planstrategi klart, og alle som ynskjer å koma med merknader kan gjera det innan 3. desember. 10. desember skal heradsstyret handsama strategien.

Klikk for stort bileteHeradsstyret skal minst ein gong i kvar valperiode, og seinast eitt år etter konstituering, utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi, jf. plan- og bygningslova § 10 -1. Føremålet er å klargjera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra, for å leggja til rette for ei ynskt utvikling.

Gjennom vedtaket av den kommunale planstrategien skal heradsstyret ta stilling til om kommuneplanen heilt eller delvis skal reviderast. Planstrategien er også eit viktig verktøy for å vurdera planressursar, og den samla trongen til kommunedelplanar, tema- og sektor- (fag)planar, samt viktige offentlege reguleringsplanar. Strategien skal også ta stilling til om planar bør opphevast.

Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhenta synspunkt frå statlege og regionale organ og nabokommunar. Det er elles ikkje same krav til medverknad som i kommuneplanar og planprogram etter plan- og bygningslova.

Framlegget til vedtak i heradsstyret skal gjerast offentleg kjent, minst 30 dagar før handsaminga i heradsstyret. Heradsstyret skal handsama planstrategien den 10. desember 2020.

Rådmannen sitt forslag til vedtak:

I samsvar med plan- og bygningslova vedtek Kvam herad "Planstrategi for Kvam herad 2020 - 2023".

Spørsmål til planstrategien kan rettast til: samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne (sjå kontaktopplysningar til høgre).

Alle (einskildpersonar, lag, organisasjonar m.m.) som ynskjer å koma med merknadar til planstrategien, må gjera det innan 3. desember.

Du kan lasta ned (PDF, 3 MB)  utkastet, eller bla gjennom det nedanfor (dersom nettlesaren din stør visning av PDF).

Jon Nedkvitne
Sjef samfunn, næring og kultur
E-post
Telefon 56 55 30 21
Mobil 979 53 274