OBS! Ny ordning: Du må stadfeste elevplass i Kulturskulen innan 1. mai

Har du fått e-post frå Kulturskulen om re-registrering og lurer på kva i all verda det skal bety? Les vidare.
Klikk for stort bilete Tobias Bergmann (Flickr), CC BY-SA 2.0

 

Frå hausten 2018 gjekk me over til nytt administrasjonsprogram. For å halde god orden, og god kontakt mellom oss og elevar / føresette arbeider me no i eit program som heiter Speedadmin. Dette programmet registrerer nye innmeldingar til oss, me kan også lage timeplanar, føre oppmøtelister ++ 

Med​ programmet kom det også ei ny ordning: Alle som har elevplass hjå oss i Kulturskulen og vil behalde plassen også neste år må stadfeste at dei ynskjer plassen vidare. Alle føresette skal ha fått tilsendt e-post fredag før påske  med lenkje til slik re-registrering. Vår oppfordring er: Gjer det no!

Noko anna som er bra med denne ordninga med re-registrering er at me lettare held kontaktopplysningane til alle elevane oppdaterte.