Nattestenging i Tokagjel

Klikk for stort bileteFrå 24. august til 2. oktober vil vegen opp Tokagjelet verta heilt stengd mellom 20.00 og 06.00 fire netter i veka. Dette melder Statens Vegvesen.

Vegen vert stengd ved den øvste tunnelen. Bakgrunnen for stenginga er ein alvorleg skade på ein mur, som må reparerast. Arbeidet vil venteleg pågå i seks veker. 

Vegen vil vera stengd natt til tysdag, natt til onsdag, natt til torsdag og natt til fredag. På dagtid vil trafikken gå slik som no, med lysregulering. 

Omkøyringsvegar er via Granvin og Voss (Fv79 / Rv13 / E16) og via Mundheim (Fv48).