Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2020 sett av midlar til ei tilskotsordning for inkludering av born og unge. Du og din organisasjon kan også søkja på ordninga, som vert forvalta av Bufdir (barne-, ungdoms og familiedirektoratet).

Klikk for stort bilete  

Målet med ordninga er å inkludere fleire barn og ungdom i kultur-, fritids- og ferieaktivitetar uavhengig av foreldra sin økonomiske og sosiale situasjon. Det gjeld også deira familiar. Tilboda skal ikkje stilla krav om kunnskap, politisk eller religiøs ståstad, og skal så langt råd er ha låge eller ingen kostnader.

Frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private aktørar kan søkje om tilskot om tiltak og tilbod som fremjar målsetjinga. For nærare informasjon om ordninga, såj Bufdir sine nettsider

Kvam herad prioriterer innkomne søknader, og BUF-dir tildeler tilskot utfrå sitt regelverk. Søknadsfristen er 13. desember 2019, og ein søkjer gjennom Bufdir sin søknadsportal

For spørsmål eller hjelp til søknad, kan ein kontakta: