Kunngjering av oppstart arbeidet med energi- og klimaplan, offentleg ettersyn av planprogram

Kvam herad har gjort vedtak om å starta arbeidet med energi- og klimaplan for 2020 til 2024. For å leggja til rette for tidleg medverknad og avklaringar av viktige omsyn i arbeidet, er det utarbeidd eit framlegg til planprogram.

 

Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 11-12, og planprogrammet utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova § 11-13. Planprogrammet er lagt ut til offentleg ettersyn fram til 07.04.2020.

Det kan lastast ned i PDF-format (PDF, 2 MB) eller lesast nedanfor (dersom nettlesaren din stør visning av PDF).

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til samfunns- og utviklingssjef, Jon Nedkvitne (e-post jone@kvam.kommune.no, tlf 56 55 30 00). Merknader til planprogrammet skal vera skriftlege og sendast til Kvam herad, Grovagjelet 16. 5600 Norheimsund eller postmottak@kvam.kommune.no.

Rådmannen i Kvam