Influensa- og koronavaksine

I år vert det tilbod om drop-in vaksinering mot sesonginfluensa og korona. Det blir tilbod om vaksinering i Strandebarm, Ålvik og i Øystese. Det vert to ulike vaksinasjonsdagar i Øystese idrettshall, med tilråding om oppmøte ut frå bustadadresse. Årsak til dette er å unngå kø, og å sikre ei effektiv gjennomføring av vaksinasjonen.

FHI har gjort merksam på at barn i risikogruppene er meir utsett enn andre barn for å få alvorleg forløp ved influensasjukdom. Også barn som tilhøyrer risikogrupper er tilrådd influensavaksine. Barn med astma og diabetes er difor også tilrådd å ta influensavaksine.

Alle over 65 år er også tilrådd å ta pneumokokkvaksine kvart 6. år. Også andre personar som er utsett for alvorleg sjukdom er tilrådd å ta denne vaksina. Du kan også sjekke kor tid du fekk sist pneumokokkvaksine på helsenorge.no. Ta kontakt med fastlege for pneumokokkvaksine.

Strandebarm:

Helsestasjonen 

Måndag 21. oktober kl. 09-13 

Ålvik: 

Legekontoret 

Måndag 28. oktober kl. 09-12 

Øystese:         

Øystese idrettshall:

Onsdag 23. oktober kl. 09.30-15 (for bebuarar i Øystese/omegn) 

Fredag 25. oktober kl. 09.30-15 (for bebuarar i Norheimsund/omegn) 

Holmatun:

Fredag 8.november kl. 09.30-15 (oppsamling for alle) 

Pris for influensavaksine er 300,- Koronavaksine er gratis for personar som er tilrådd oppfriskningsdose. Betaling skjer med Vipps eller bankterminal 

Influensavaksine:

Influensavaksine vert tilrådd særskilt for: 

  • Alle frå fylte 65 år 
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko 
  • Born og vaksne med: 
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma) 
  • Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk) 
  • Diabetes, type 1 og 2 
  • Kronisk leversvikt eller nyresvikt 
  • Kronisk nevrologisk sjukdom/skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft 
  • Nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom 
  • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40) 
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko 

 

Andre målgrupper: 

  • Helsepersonell med pasientkontakt 
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte 
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar 

 

Koronavaksine:

Det vert i haust tilrådd ny oppfriskningsdose med koronavaksine for: 

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre 
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp 
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom 
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko

 

Er du usikker på om du bør vaksinerast, kan du lese meir på fhi.no eller spørje legen din. Koronavaksine kan du få samstundes med influensavaksine. Gje beskjed om kva du ynskjer når du registrerer deg. Dersom du nyleg har hatt Covid-19, skal du vere frisk og utan symptom før du tek vaksina.

Dersom du ikkje har høve til å møta desse dagane, kan du ta influensavaksine og koronavaksine hjå fastlegen din.