Hugs søknadsfristen for SFO

Søknadsfrist for SFO skuleåret 2020/21 er 15.februar 2020. Bruk digitalt søknadsskjema.

Klikk for stort bilete  

 

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1-4 trinn, og for barn med spesielle behov i 1-7 trinn.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og skal derfor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsstad for barna etter skuletid. På SFO skal barna få omsorg og tilsyn og det skal vera lagt til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar.

Vil du vita meir? Sjå retningsliner for SFO i Kvam herad (PDF, 560 kB).

Opptak til SFO skjer etter søknad. Søknadsskjemaet er digitalt

Kvar skule kan gje nærare informasjon om SFO. 

For informasjon om pris, sjå kommunen sin priskatalog.